For dei som vel å ikkje bruka eigedomsmeklarfirma, kan ein avtale med Modernestil vere til god hjelp for å få selt bustaden din. Eg samarbeidar med Austevik Dronefoto, han lagar proffe videoar over uteområde. Styling, bilete inne og ute blir utført av meg. Eg hjelper deg med å få bustaden til å framstå på sitt beste.
Har du nettopp kjøpt deg ny bustad som var perfekt styla av innleidd stylist, men no står fast med innreiing osb. Alt er borte og romma kjennest sterile, korleis skal ein så innreia? Korleis skal ein få eigne møblar til å passa inn i nytt hus? Kva slags fargar passar til bustaden sin arkitektur og korleis skal ein setta sitt personlege preg i den nye heimen?
Har huset vakse i frå deg og du treng ein annan planløysing utan å veta kvar ein skal begynna og kva vegger som er bæreveggar? Føler du at bustaden ikkje har ein heilhet, at det er for mange ulike stilar men veit heller ikkje kva stil som er rett for deg og bustaden din? Du veit kanskje ikkje kva leverandørar som er dei beste og kva handverkarar som er pålitelege og utfører jobben 100%.