Stramme linjer, mjuke tekstiler og varme metaller: | Moderne stil
3518
post-template-default,single,single-post,postid-3518,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Stramme linjer, mjuke tekstiler og varme metaller:

Er det mogleg å få den stramme stilen til å vera harmonisk og gi atmosfære? Ja det meiner eg. Eg følte det var litt FOR stram her nede på sjøhuset vårt og har bytta ut stolane til nokre stoler  i velour som gjør at ein kan sitje lengre rundt bordet for dei er mykje meir behagelige enn plastikkstolane me hadde. Velour er inn i tida som aldri før og ein ser det både på klesfronten og interiørfrontar. Stolar, sofaer og gardiner i velour blir mykje meir å sjå i den vaneleg heimen no. Og eg likar det. Eg likar å få eit stramt hus til å bli lunare med slike valg uten å bryte stilen.

Eg har endeleg fått den nye favoritt lampa mi opp og med lys i, HURRA, bare 6mnd etter den blei kjøpt etter eg hadde spart til den i 1år. Eg er svak for lamper og sparer gjerna i lengre tid for å få akkurat den rette lampa. Sjøhuset har ikkje hatt pendel over spisebordet her før, og det var for eg ikkje fant den rette. Men nå etter 2år skal det endeleg bli lys. Håpar du likar den like godt som eg gjør. 

Eg lova dykk forresten ein nyheit, og det er at frå neste år kan du leige vår leilighet om du skal gifte deg. Me held på å lage 2 nye soverom, og det eine skal eg prøva å gjera litt ekstra fint slik at det blir ei bryllups suite.  Det vil bli levert heimelaga frokost på døra, det meste økologisk frå garden til bror og svigerinna mi, Rosengard. Her vil du kunne nyte den nydelige utsikten til sjøen og ein herlig stillheit. Håpar og tror at dette kan vera noko for nygifte. Eller kva tror du?

Eg kjem tilbake i eit innlegg om korleis dette soverommet skal sjå ut og kva me kan tilby deg som skal gifta deg.

4 Comments
  • Anne Chramer

    26. august 2017 at 15:52 Svar

    Stolene er kjempefine. Hvilket merke?

    • Ann Helen Kvalevaag

      12. januar 2018 at 11:12 Svar

      Hei Anne. Beklager seint svar. Denne kommentaren har eg ikkje sett før nå. Stolene er frå Søstrene Grene. Me har spraylakkert beina sorte.

  • Amalie Lykkebø

    18. august 2018 at 13:28 Svar

    Hvor er teppet ved sofaen fra? 🙂

    • Ann Helen Kvalevaag

      28. august 2018 at 18:08 Svar

      Det er frå Kilands.no og heiter Angel 🙂

Post a Comment