Den rette farge kombinasjonen | Moderne stil
3398
post-template-default,single,single-post,postid-3398,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Den rette farge kombinasjonen

Å finne Den rette farge kombinasjonen for din heim kan ofta vera eit utfording.

Fargane skal passe saman med løst og fast innventar. Tak, andre vegger og gulv. Og belistning.

Eg har tenkt på bygningens utforming, som er stram og røff. Det fyrste du møter er ei skikkelig oransje ytterdør. Det hadde da ikkje passa seg om du skulle komme inn i eit heilt kvitt og sterilt hjem.

Eg har tøffa meg og valgt kanskje nokre fargar som er litt vågale saman.

Og eg har gått i motsatt retning frå det malaren meinte var rett. Eg har nemleg fått heile stua malt i sort og mørke grønt. Og resultatet vart forbløffande.

Oppe i 2etg på Vassbrekke 90 blir det mykje grønne planter, grønt på veggane i spisesonen og på badet, sort matt kjøkken og sort stue. Dette i kombinasjon med marmor, og gull detaljer. På badet blir det armatur i messing og andre innslag av gull. Vil du lese meir om dette badet sjå her. I lag med desse fargane sniker eg inn litt tre i form av spiler i furu, dette gjør uttrykket mjukare. Spiler er super trendy og hjelper til å forbedre akustikken i rommet. Det vil bli spiler både i 1 og 2 etg for å skape ein rød tråd i huset.

I 1.etg vil ein komme inn til ein gang som er både i dempet sort og i warm blush. Synest det er spesielt tøft å sette dei opp mot kvarandre. Warm blush blir da heller rå enn søt. Eg har også fått min dyktige handyman ( modernebygg1) til å lakkere profilene til glass i sort. Det er vanskelig å ta tak i ting som ikkje er heilt standard så da må ein vera litt kreativ å gjera jobben sjølv.

På soverommet har eg valgt dusty red i lag med ein fin nøytral grå farge. Dette gjør soverommet lunt og intimt. Soverommet vil få ein gavl av spiler.

Kvit fargen eg har valgt heiter Letthet frå Jotun og er den kvit fargen eg liker å jobbe med. Den er verken eggekvit eller krittkvit, den er midt i mellom og heilt perfekt i mine auger. Den passer også veldig fint til gulvet me har valgt som er kjøpt hos IBO raglamyr. Gulvet eg har valgt ut er frå merket Meister og fargen heiter white spruce 6975. Det er eit kork vinyl gulv. Eg har god erfaring med mitt eget frå Parador som også er kork vinyl,det er også kjøpt hos Ibo Ragalmyr. Gulvet er enormt slitesterkt og behagelig å gå på. Me skal også legge dette gulvet i trappa. Det vil bli ein veldig fin og skreddersydd løysning. Ellers har me valgt gulvbelegg frå Veldes Malerservice. Eg vil anbefale å ikkje velge for mangen forskjellige gulv i ein bolig. Tenk alltid på heilheten i boligen.

Det skjer noko kvar einaste dag på Vassbrekke 90, og det går veldig for nå på slutten. Gler meg til å vise dykk enda fleire bilder og fortelje om tankane mine bak valga, så stay tuned.

 

2 Comments
  • Irene

    29. mai 2017 at 22:47 Svar

    Guuuuuu dette e midt i blinken tror eg glede meg t bilder:)

    • Ann Helen Kvalevaag

      30. mai 2017 at 20:23 Svar

      Så kjekt å høyra du har troå:) nå blei eg letta og glad.

Post a Comment