Påske egg i betong: | Moderne stil
91
post-template-default,single,single-post,postid-91,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Påske egg i betong:

Do-it-yourself
Ikkje kast eggeskallene neste gang du skal lage deg egg og bacon til frokost eller bake,
bruk dei heller som form til å støype betong i.
Eg er veldig glad i betong som dokke sikkert har fått med dokke:)
Og nå som påsken er like rundt hjørnet er det kjekt å kunne pynte med noko ein har laga etter oppskrift frå kreative Nataliya
http://nlimme.blogspot.com/2014/04/paskeegg-av-sement.html

 

Lag eit pitte lite hull og ha tålmodighet for å få ut heile eggeplommen og kviten, skyll skallet godt med varmt vann og sett dei gjerne opp ned til tørk natta over.
Drypp så nokre få dråper med matolje i skallet og roter slik at oljen fordeler seg godt innvendig.
Bland deg ein betongmasse og fyll i eggene så mykje som mulig. La dei størkne over natta.
Å få skallet av er litt puttle arbeid, eg brukte enden på ei saks for å lage sprekker og så skrape egget av.

 

No Comments

Post a Comment