Oppdrag Jule butikk Vili & Vé | Moderne stil
4443
post-template-default,single,single-post,postid-4443,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Oppdrag Jule butikk Vili & Vé

I Oktober var eg i møte med 3 kjekke damer. Dei ville hyre meg inn til å lage julebutikk på Vili & Vé på Åkra. Dei hadde laget ei sol med ordene WOW i midten. Det skulle være WOW i kafeen, bakeriet, interiør avdelingen og blomster avdelingen. Eg tenkte med meg sjølv at dette var ein veldig spennande STOR utfordring. Som eg måtte hive meg inn i da det var kort tid til fristen ( 12.november). Når eg fekk oppdraget stod eg med arbeid opp etter øyrene men meiningfulle oppdrag klarer eg ALLTID å presse inn. Desse folka ville eg verkeleg jobbe i lag med og eg ønsket at dei skulle få sin julebutikk.

Eg gikk skikkelig i tankeboksen, og laga meg ein behovsanalyse. Ingen kunder er like og da blir ingen oppdrag like. Pyntingen skulle speile dei som butikk/bedrift. Eg endte da opp med dette moodboardet (se bilde) som viste tankane mine for å få fram den rette julestemningen til akkurat den bedriften.

 

Vili & Vé

Vili & Vé er ein heilt spesiell bedrift som betyr mykje for mange her på Haugalandet. Dei tilbyr varig tilrettelagt arbeid for dei som er uføretrygda og arbeidsrettet rehabilitering. Eg har tidligare vert støtte kontakt fleire år, og eg kjenner på det at eg savner å vere det etter å ha vert på Vili & Vé nokre dagar for det er så mange fine sjeler som jobber der som gir så mykje av seg. Dei fine sjelene har eit enormt humør, dei skryter og vil andre kun det beste, og eg kjenner eg må ta med meg den innstillingen dei har til livet og andre folk.

Ho eine bak kassen sa når eg sukka over meg sjølv for å ha kjøpt meg ei stor saftig bolle (med mykje melis) at eg måtte sjå på det som at «den bollen gjorde godt for sjelen», ikkje for kroppen slik eg hadde fokus på men for sjelen og at «det var viktig at eg pleia sjelå o». Gitt om eg spiste den bolla med eit stort smil om munnen og den dårlige samvittigheten for å velge lettvint og usunn mat fordufta.

Da kan du gjerne forstå at det var viktig for meg å skape ein lun god jule følelse som skulle speile denne bedriften. Det stemte for å gå for å lage snøball vindu, lys i tak, trær støpt i betong og eit vindu med vinter motiv frå naturen. Har du vert på kafeen å sitt? Sånn sett var det enkelt for meg for alt anna er på plass på den kafeen, den gode atmosfære, vennligheten og unik service, nydelige blomster, smakfull mat og ikkje minst den fantastiske håndlaga glasskunsten som folk reiser land og strand for å få kjøpt.

På dette oppdraget var eg med frå begynnelse til slutt. Da moodboardet var laget og det var tatt ein beslutning var eg med å kjøpte inn utstyr, laget «mal» på snø pynt, pyntet juletre, laget jente i vindu, snudde om på sofaer og i butikken. Eg har 15års bakgrunn frå butikk faget og har jobbet som sensor i salgs faget siden eg var 20år så eg har tatt med meg den kunnskapen frå den tida til å snu om i butikken. Ofte kan ein gro seg litt fast i egen butikk, og da kan det vere lurt å hente inn fagfolk som kan begrunne alle valg for å gjøre endringer. Eg ser på det som ein stor tillit at eg fekk komme til Vili & Vé å få lov til å utføre mine idéer, som sjølvsagt blei avklart med dei som jobba der. Dei veit kva som fungerer i kvardagen hos dei og da er det viktig å ta det med seg i endringene.

Eg valgte også å få hengt eit juletre opp ned, synest det symboliserer den bedriften. At det er lov å sjå litt annleis på livet, men at ein skinner like godt for det om. Det blei eit blikkfang og fekk folk til å bli nysgjerrige til å trekke inn. Og innerst i interiør avdelingen ligg glasskunsten ( samanlikn det med melk og brød, noko som alltid ligg innerst i ein matvare butikk for det er noko alle vil ha).  Eg har i etterkant vert der fleire ganger, både med venninner og mine sønner og eg alltid drar eg derfrå med ein god følelse i kroppen. Det er ein god plass å vere både som arbeidstaker og gjest.

 

 

Venner for livet: Katrine og Tove Kristin.

 

 

Solfrid, min gode hjelper i dette prosjektet.

 

Nydelige kranser laget av dyktige folk. Og Monica til høgre på bildet var ein veldig god samtale partner for meg mens me jobba side om side.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Adventsstaken laga eg, og på Vili & Vé er alt til salgs. Eg har stor tro på at snø mennene og trærne blir ledig populære i år så det gjelder å vere første mann til mølla.

 

 

 

 

 

 

* alle personer som er avbildet har gitt tillatelse til å bli tatt bilde av.
Tags:
No Comments

Post a Comment