Motivasjonsfaktor | Moderne stil
3967
post-template-default,single,single-post,postid-3967,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Motivasjonsfaktor

Eg hiv kanskje bensin på bålet med å ta opp det eg no kjem til å ta opp men det er viktig for meg å få fram poenget mitt.

 

Eg har blogget no i 5 år, og vert på instagram sidan høsten 2013. @

Eg har gledelig delt mine egne DIY tips med folk der ute. Slik som den egen designa benken min la eg ein mal på korleis du kunne lage lik. Og nokre har faktisk tatt i bruk oppskrifta mi, og gode Marie ( @letsfunkitup) har brukt den.

Ho er veldig flink til å legge ved bileta ho deler av den, at det var frå meg ho fekk ideen. Og det er i slike situasjoner eg blir stolt. Nokon liker det eg lager, lager sin versjon av det med min oppskrift som grunnlag og gir faktisk meg cred for den. Slike som henne gjer at eg bare fortsett og fortsett å dele gratis mine egne DIY tips.

Men nå i det siste har eg lagt merke til at når eg har feks delt mine jule diy tips så ser eg folk lagrer bildene ( dette kan eg sjå fordi eg har bedrifts konto på IG) og fleire har vert så pass ærlig å sagt at dei tar screenshot av bildene mine slik at dei kan kopiere det og lage like sjølv.

Men det å trykke eit lite «LIKE/Hjerte» på bildet det er tydelegvis for mykje for langt. Og da kjenner eg at eg mister litt motivasjon til å fortsette ut i dei seine nattetimer for å prøve å inspirere nettopp DEG.

Eg veit at det kan vera merkeleg å forstå at eg kan faktisk miste interessen ved å legge ut noko bare fordi eg ikkje får den mengden likes på eit bilde som eg hadde håpa på. Men det har seg slik at eg bruker mykje energi og tid bak kvart eit bilete. Eg styler og gjør det eg kan for at det skal inspirere.

Som @juliehole seier «hadde det kun vert for kos hadde det jo lenge holdt å dele det kun i eit privat familiealbum«.

@embabihor skriver så bra, » tilbakemeldingar i dei fleste samanheng er ein form for bekreftelse og motivasjon, også instagram. Gøy også for dei som legg ut og følgerar med kommunikasjon i form av likes og kommentarer». Ema legg også til at me jenter/damer kan bli betre på å heie på kvarandre«.

Og det er eg så eining i, janteloven eksisterer enda, sjølv i 2017. Og eg er bare ein heilt vanleg alminnelig person. Om du velg å like mine bilder og eg til slutt ender opp med mangen tusen likes på eit bilete så blir eg ikkje høg på pæra for det om. Eg har nemleg beina godt planta på jorda.

Eg må bare få fortsette med nokre ord frå flinke Ema. Ho minner oss på «at det er grunnleggjande for alle mennesker å få tilbakemeldinger. Både ris og ros. Det er ein stor faktor av det som driver oss framover».

Linda-Mathilde @Carlberg_home gir oss denne metaforen » Tenk å lese i fleire timer til eksamen og forberede seg på ein 6 og når du kjem på skolen er det ein prøve uten karakter».

Når ein legg mykje tid i eit bilete og kún 600 av 27.000 følgerar liker det kan ein jo undre seg kvifor folk følger den personen.

Og ja me kjenner til algortimen men me kan faktisk sjå at rekkevidden er veldig stor så me ser at bilete når ut til vertfall mangen tusen.Og har du plutselig mangen likes er det fort å bli mistenkt for å ha kjøpt seg likes. Verken eg eller damene som eg referere til i dette innlegget har betalt for følgerar og likes. Nokre gjer faktisk dette men eg meiner ein skal gjera seg fortjent til kvar og ein følgar.

Siv @nr13b forklarer: » Få likes gjer at algoritmen presser ein nedover, synligheten blir da alfa og omega i denne tiden«. Ho opplever at bildene hennar forsvinner i feeden til folk.

Irene Stangeland er min aller største inspirasjonskilde på IG. Kvart eit bilete ho legg ut oser kvalitet, og det er lett å sjå at det er eit gjennomtenkt bilete. At ikkje den dama har 100-200.000 følgerar forstår ikkje eg.

@irene.stangeland seier dette: «Om folket der ute ikkje trykker liker betyr det på sikt at flinke folk som feks nevnt på denne siden ikkje lenger gidder å poste. For uten feedback og likes så mister ein ganske fort gnisten. Det tar mykje tid med foto og styling og gir mykje inspirasjon gratis, det minste ein kan gi tilbake til flinke folk er vertfall ein «like»».

Dyktige @irenestangeland samanliknar det også slik. » Det blir som ein fotballkamp der alle er musestille og ingen klapper med mål». Om ein får likes på eit bilde veit eg at dette liker folk og dette må eg dele meir av.

Silje @lillemittalt beskriv det godt:  «Mangen er opptatt for tida kva sosiale medier og antall likes gjer med deg. Man er redd for at nokon lev i ei boble som ikkje er verkeleg og at man får sjølvtillit gjennom likes. For oss med beina godt planta på jorda så faller dette uheldig på oss. Når eg gir eit hjerte på bilder eg liker så tør eg også å vise andre noko som gav meg positivt inntrykk og noko som eg igjen vil dele videre med fleire. Hjerte på bilder gir også meg motivasjon til å leggje ut andre inspirerende ting på nytt. Hjerte på bilete kan lede til meir synligheit og kjekke oppdrag i verklegheiten».

Me har også lagt merke til at lyslenke bilder ( sånne lenker all over the place) og bilder tatt i veldig dårlig gult lys kan få mangen  tusen likes, da er det ikkje løye ein begynner å tvile på kva folket der ute egentlig liker.

Det som kan skje hos dei som blir leie er at dei: faktisk å kun bruker storyen sin til sneakpeak så kan ein sjå resten på bloggen for da får dei vertfall traffikk på bloggen. Dei kan også avlsutte heile kontoen sin og gjere den privat slik at ein velger ut dei ein vil skal følgje og som ein veit at ein får respons tilbake frå.

Så kva med å heie på kvarandre og gi eit hjerte for kvart bilete du FAKTISK liker <3

Er du med?

PS: Desse bildene oser kvalitet og inspirasjon men har særdeles lite likes. Det heng ikkje saman at feks Irene Stangeland som har over 36.ooo følgerar kún får 644 likes på eit så proft bilde.
Det samme gjeld Ema Bihor: 6000følgerar kún 567 likes.
Linda-Mathilde: 26000 følgerar, kún 593 likes.
Julie Hole: 45000 følgerar, kún 406 likes.
Silje Rysjedal: 3000 følgerar, kún 258 likes.
Siv L: 116000 følgerar, kún 1760 likes.

 

 

SaveSave

SaveSave

Tags:
2 Comments
  • Hege

    3. november 2017 at 21:43 Svar

    Hvet du hva, jeg kunne ikke vært mer enig. Sitter til tider og lurer jeg også, hvordan enkelte kontoer har så stor respons, mens andre, som er minst like flinke, ikke er i nærheten av den responsen. Og jeg må se meg litt lei av at det ofte er de samme kontoene som går igjen i feeden. Tenk hvor mange Instagram kontoer det finnes der ute, som vi ikke har oppdaget enda. Et helt hav av kontoer, det er jeg overbevist om. La oss heie på hverandre, og dytte frem alle som fortjener det, ikke bare er fåtall av dem.

  • Ann Merete - Kreativ-i-tet

    17. november 2017 at 15:09 Svar

    Kjempebra innlegg! Og er så enig med deg. Hvorfor ikke trykke «liker» på et bilde som er like lekkert som om det skulle vært tatt ut fra et interiørblad? Hva er det som egentlig får folk til å trykke liker? Det kunne jo vært en interssant studie egentlig… Jeg er så enig i at vi må heie på hverandre, løfte hverandre opp og gi hverandre den rosen som fortjenes.
    Jeg sier alltid at interiørverdenen er en så bra bransje å være i, siden alle heier på hverandre, men kanskje jeg er litt naiv hvis jeg tror at det er sånn…?
    Veldig hyggelig å komme innom bloggen din forresten, hadde ikke helt fått med meg at du hadde en – før nå.
    Klem fra Ann Merete, Kreativ-i-tet/@annmeretes

Post a Comment