Mørkt og mystisk bad: | Moderne stil
3369
post-template-default,single,single-post,postid-3369,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Mørkt og mystisk bad:

Å planlegge bad er alltid lika spanande. Kjøkken og bad er dei romma i huset som koster deg mest. Løysningane blir så og sei låst med tanke på avløp osv. Ein skal vera sikker i sin sak når ein tar slike valg, for å skifte ut feks flisene er ikkje gjort over natta. Eg er fan av malte vegger på badet, da sjølvsagt med våtromsmaling. Men synest det er fint å brekke av med litt fliser. Her har eg valgt å bruke hexagon sorte fliser og for meg var det viktig med sort fugemasse slik at dei ikkje blei så fremtredande.

Baderomsseksjonen har eg brukt Ikea stammer og bestilt fronter frå svenske Superfront. Me lager sjølvsagt benkeplata i betong for å holde oss til vår signatur.

Ellers på badet blir det sort armatur, sort dusj og eg har til og med fått tak i dusjvegg med sort ramme.

Bildet som du ser på moodboardet var utgangspunktet mitt. Dette inspirerte meg, samt bildet der du ser hexagon flisene halvveis opp på veggen. Eg har gått ut frå dette og lagt meg ein eigen vri og tegna det for frihånd for å få ein feeling på korleis det kan bli. Fliseleggaren er allereie godt i gang og det ser veldig bra ut til nå.

Eg har ellers valgt å ha resten av badet i fargen Matrix, ein soleklar grå favorittfarge sjå meg. Den er heilt nøytral og eg har brukt den på sjøhuset og hagestua heime så eg veit den er fin. Og crazy som eg er så blir taket også malt i den farge. Dette blir eit skikkelig mørkt og mystisk bad.

Gler meg til å vise deg slutt resultatet.

 

 

 

 

2 Comments
  • Laura

    5. januar 2018 at 10:26 Svar

    Hei, hvor har du funnet den dusjveggen med sort ramme?

    • Ann Helen Kvalevaag

      12. januar 2018 at 10:55 Svar

      Den veggen er det min mann som har spesial bestilt. Men karmene har han lakkert sjølv da me ikkje klarte å få tak i sort ramme frå nokon leverandører.

Post a Comment