Kva synest du om eit "glam" bad? | Moderne stil
3246
post-template-default,single,single-post,postid-3246,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Kva synest du om eit «glam» bad?

Som eg nevnte i gårsdagens bloggeinnlegg så blir huset på Vassbrekke litt annleis enn dei fleste nye eneboligane som blir kún bygd for å selgas videre.

Heilheten i eit hus er viktig for meg. Eg har eit ynskje om at du vil bli positivt overraska når du kjem inn i dette huset.

Spesielt det eine badet her har eg dratt litt ekstra på.

Det blir eit unikt og stiligt bad som garantert ingen har maken til da eg har designa det.

Det er ikkje noko katalog bad. Eg samarbeider med dyktige malerar, rørleggerar og elektrikerar men har valgt å ikkje binde meg til ein bestemt baderoms leverandør da eg ynksje å sette det samen sjølv. Eg velger å kjøpe design, ikea og frå andre leverandørar for å få det unikt. Det er meir tidkrevande men resultatet blir mykje meir spennande spør du meg!

På dette badet blir det armatur i messing, nydelig vask i frå Alape med messing bunnventil. Eg har kjøpt inn eit rundt fint speil i gull. Skrogene har eg bestilt frå Ikea mens alle fronter, håndtak,bein vask og armatur kjem frå Svenske Superfront. Fargen på veggen blir ein nydelig smaragd grønn farge og gulvet blir noko heilt for seg sjølv. Det er eit belegg som har glitter i seg. Det er Veldes Malerservice som leverer og legger gulv i våtrommene.

Om bare få uker ferdigstilles dette badet og eg gler meg veldig til å vise deg resultatet, eg tror det blir «one of a kind»!

 

 

No Comments

Post a Comment