Karmøys viktigaste rom | Moderne stil
4302
post-template-default,single,single-post,postid-4302,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Karmøys viktigaste rom

Eit spesielt oppdrag:

I fjor høst tok barnvernet i Karmøy kommune kontakt med meg for å få ideér til eit samtalerom for barn fra 0-18år. Eg takka ja med ein gang og kjente eg var spent på eit så viktig oppdrag. Eg hadde nokre møter med prosjektleder der eg leverte forskjellig moodboards, men dei fant ut at dei hadde så pass lite midler at dei måtte avslutte oppdraget og heller sette inn nokre enkle møbler sjølv. Om du ser lengre nede i innlegget ser du korleis rommet såg ut før eg tok tak i det.

Eg klarte ikkje å legge bak meg kven brukerane av rommet skulle vere og at det siste dei måtte komme til var eit kaldt og upersonlig rom. Sjølv om eg stod opp i knærne med jobb og skulle pendel jevnlig fram og tilbake til Oslo for å fullføre utdanningen min som interiørdesigner måtte eg bare finne plass i kalenderen min til dette prosjektet. Og når ein tar på seg eit slikt prosjekt krever det meir enn å bare levere fargeplan og moodboard. Eg ringte prosjektleder i barnevernet og sa eg tok på meg oppdraget og skulle sponse heile rommet. Eg hadde ikkje snakka med nokre sponsorer før eg sa ja men bare visste at dette var eit oppdrag som talte direkte til hjertet mitt.

Sponsorer og tankane bak valgene eg tok:

Eg tok kontakt med Veldes Malerservice som har butikk på Vea og Åkra for å høyre om dei var villig til å sponse maling, i tillegg til å sponse maling ønsket dei å sponse med eit teppe på gulvet. Eg valgte da eit rundt teppe for at ingen skal føle dei havner på enden og ikkje blir sett. Med runde bord og tepper blir alle inkludert i samtalen og psykologisk eit viktig valgt i eit slikt rom. Malingen eg valgte var Jotun pure colour med fargen Balanse. Eg tok i bruk farge psykologi for å finne ut kva farge eg skulle bruke til akkurat dette rommet som skulle fremstå som rolig, trygt og behagelig. Fargen grønt står for vekst og utvikling. Og male jobben var det eg, Ine Gangdal og mor mi, Helga E. Alvsvåg som utførte. Eg valgte også å bruke ein del levende planter, og for å få kjøpe planter, små pynt og gardiner trengte eg nokon som kunne hjelpe med å sponse. Eg fant fort ut at Truls Lea i Meglerhuset Lea og partnere var mannen å spørje, og han sa ja med ein gang han høyrte ordet rom til barnevernet. Det viste seg også at Truls har vert advokat i barnevernssaker så han veit alt om kva vanskelige situasjoner barn kan vere i, og da kor viktig eit slik rom har for desse barna. Meglerhuset Lea sponset med ein god sum.

Plantene eg valgte er planter med tykke blader, jo tykkere bladene er jo lettere å få dei til å overleve. Og det måtte eg ta hensyn til  med tanke på at rommet ikkje har direkte sollys eller vindu med frisk luft. Det med å ha planter i eit rom er også viktig for dei som skal bruke rommet, for å ha mykje blomar planter assosieres med folk som tar vare på ting og gir kjærlighet for å få dei til å vokse. I tillegg bedre planter inneklimaet og er skulpturelle å sjå på for barneøyne.

Eg lang tid på å finne ut dei korrekte møblene for dette rommet. Og med korrekte meiner eg møbler som virker lune og trygge. Det måtte vere stoler som ein kunne krype oppi, mjuke stoler og med ein rygg som strakte seg litt ut på begge sidene slik at om ein har behov for å verne som seg sjølv så kan ein det. Eg måtte ta hensyn til at det rommet skulle brukast av foreldre og barn frå 0-18år og trengte da stol både til liten og stor. Valget falt på strandmon frå Ikea. Eg valgte å brekke av med å sette inn ein stol i grønn velour for å dra inn ein taktil overfalte, det vil sei at ein velouren oppleves mjuk og god for berøringssansen. Ikea lanserte nylig strandmon stolen til barn også så da fikk eg ein stol som passet inn med dei andre og med dei kravene eg hadde for å vere ein god trygg stol. Eg fant også puffen Sandared på Ikea som passet fint til pulten me laga der dei kan sitte å tegne om ein ikkje klarer å fortelje noko med ord. Eg tok kontakt med Ikea for å høyre om det var mogleheit for å få sponset nokon av desse produktene. Dei var ærlige og sa at potten for sponsede produkt var brukt opp men med min viktige mail klarte dei å lage eit smutthull og har vert fantastiske med å gi alt eg hadde ønsket av stoler til rommet.

For å få til ein bedre akustikk i rommet og gjøre det lunere stod det høgt på ønskelista å bruke spiler. Eg har brukt spiler både heime og i fleire prosjekter og veit kor fin virkning dei kan ha i eit rom. Eg tok kontakt med Montér Vea og spurte så fint eg kunne om å få spiler til ein vegg. Det var lettere enn gjort og plutselig stod eg der med akkurat dei spilene eg ønska til rommet, Opus kvitvaska eike spiler. Men å få resultatet til å bli fint måtte eg ha ein dyktig snekker til å utføre jobben. Heldigvis så bor eg i lag med akkurat ein slik mann, Egil Kvalevaag Modernebygg 1 as. Han bidro med å gjøre jobben med eit smil. Me har 3 små guter og har eit godt liv og ønska at  det for at andre unger som ikkje har vert fullt så heldige med å vertfall få komme til eit innbydende rom som gir god atmosfære og trygghet. Einaste eg måtte ta hensyn til i rommet var TV, det måtte bli for å kunne filme samtaler. Spilene blei bygget rundt TV. Men eg følte det var noko meir som måtte inn. Noko som mangla. Eg satt med da ned å designet ein pult i 3D, til dei minste slik at dei kan bruke den til å tegne på. Den måtte formes som eit lite hus for at dei skulle kunne føle seg skjerma.  Denne blei til ved å bruke kapp fra spileveggen. Det er mykje fint som kan brukast av rester om ein bare er litt kreativ. Dette var ein personlig gave frå oss ekteparet Modernestil og Modernbygg1 as.

Interiør.

Eg valgte å henge opp gardiner frå gulv til tak i velour. Igjen for å skape lunhet og taktile overfalter med å bruke nettopp velour. Gardinene skuler to vinduer og ei dør som gjør at ein føler at ein ikkje blir overvåka frå eit vindu og kún ha ei dør å forholde seg til for barn og ungdom. Bordene, planteurnene, gardinene og vasene er frå KID. Pengene frå Meglerhuset Lea blei brukt til å kjøpe inn interiøret. Her valgte eg også runde bord for at dei ikkje skal vere nokre spisse kanter for små barn og at det er fine mjuke former. Lys er for å lage det koselig og symbolisere varme. Eg har aldri før måtte begrunne alle valg så nøye. Alt må ha ein meining. Eg valgte også detaljer med gull på for at det skal vere varme kontra stål og krom som fremstår som kaldt. Derfor også valget av Muuto sine gull knagger. Det eg har brukt over det eg fikk sponset, sponset min pappa. Alle timene mine i prosjektet er ein personlig gave frå meg til alle dei fine barna som kjem her og treng eit varmt og trygt rom å kunne åpne seg i.

Eg blir både rørt og stolt når eg skriver dette innlegget for det har betydd så uendelig mykje å få gjere noko så viktig. Og eg håper dette bare er starten på å slike meiningsfylte prosjekt.

 

Tusen takk til alle sponsorer, dokke har betydd meir enn dokke aner for mangen mangen der ute.

 

Sjå her for å lese saken i Karmøy Nytt. Det har også vert filma av TV Haugaland nå i høst.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

                                        

 

           

 

 

2 Comments
  • karianne

    17. september 2018 at 12:20 Svar

    Heisan. Helt vanvittig hva du har fått til her – det kalde, gufsne rommet er blitt innbydende, varmt og trygt. Så utrolig kjekt at både firma og privatpersoner var positive og var med på spons! – tommel opp for alle dere. Utrolig fint at en med slik interiørinteresse, interiørtalent ble brukt på dette viktige rommet hos barnevernet. Du har gjordt en faktastisk jobb og FOR et flott hjerte du har. Bøyer meg i støvet for hva du har fått til i dette prosjektet her!!!! Klem

    • Ann Helen Kvalevaag

      2. oktober 2018 at 19:55 Svar

      For ein fin kommentar Karianne:) Tusen takk. Det varmer skikkelig med slike tilbake meldinger. Dette var ei veldig givende prosjekt som eg er så glad eg fant tid til.

Post a Comment