Julepynten du enkel lagar sjølv | Moderne stil
3897
post-template-default,single,single-post,postid-3897,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Julepynten du enkel lagar sjølv

Sist veke hadde eg eit innlegg i Bolig & Interiør avisa til KarmøyNytt. Der viste eg julepynt som du enkelt lager sjølv, og det gjerne i lag med barna. Eg lot meg inspirera av naturen og ville laga noko som ikkje koster deg skjorta.

Eg lova deg at denne veka skulle eg vise deg korleis du sjølv lager julepynten. Her er fyrste tips frå meg.

Eg fant nokre papp ( faktisk frå ei tom kinderegg ekse) klipp i den str du ynskjer. Klipp to stk for å kunne tre stammen i mellom.

Eg brukte eit litt grovt garn ( her kan du bruke det du har heime, så sparer du peng der også)

Eg byrja å surre tråden oppan frå og ned og festa alt med litt limpistol. Som stamme på juletreet brukte eg bare ein kvist frå eit tre, boret «stammen» ned i ei treplate. Stjerna i toppen har eg klippet ut sjølv med eit gull ark. Har også stansa ut sommerfugler i samme ark. Sprayet tre kuler i gull og festet kongler i enden på juletreet. Her kan du ta det du har liggande heime. Slipp fantasien laus og la gjerna ungane få dekorera slik dei vil. Og vips der var du ferdig.

Eg har óg pynta med å henge opp lerke greiner med kongler på, i taket. Dei har eg festa med ein tynn pyntespiker og litt sen frå fiskestanga til mannen min. Gull jule kulene passa perfekt inn mot det kvite, heimelaga og naturmaterialene. Ein fin mix spør du meg.  Det er jo mindre enn 2månadar til jul så då tenkte eg det var innanfor å pynte hagestua til jul.

Eg er fullt klar over at slik eg pynter nok ikkje appellerer til alle. Og det er ikkje akkurat slik det ser ut når me pyntar til jul i heimen. Eg har 3 små gutar som kjem heim kry som ein hane med juelpynten dei har laga i barnehagen og eg viser den stolt fram. Dei får vera med å pynte juletreet og då skjer det fort at treet får mest kule heilt nede og gjerne i ei favorisert side av treet, dei rekk trossalt ikkje så langt opp 🙂 Men for meg er det ein sjarm med det også. Og husk at mykje kan sjå fint ut på eit bilete men verkelegheiten er noko anna, for eg pynta denne hagestua bare for at eg skulle få besøk av KarmøyNytt.

Eg håpar du blir inspirert av det eg har laga. Og var ikkje dette heilt i din sjanger kan du sjå innom bloggen i morgon for da deler eg eit nytt DIY julepynt tips.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

No Comments

Post a Comment