Hage modus | Moderne stil
4603
post-template-default,single,single-post,postid-4603,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Hage modus

Inneheld reklame//

Plutseleg viste kalenderen Mai og det er høgtid for å jobbe i hagen slik at den blir klar til å nytast i sommer.

Bildene nedenfor viser ein liten oppgradering eg gjorde i hage stua vår nå i vår.

 

Siden i vinter har Komplett utemiljø, uteDESIGN og eg holdt fleire foredrag om korleis ein kan lage gode utemiljø.

Me har nå budd i huset vårt i 6år og i år tar me fatt på siste del av hagen. Det tar tid å bo seg inn i eit nytt hus og det koster ein god del når ein skal ta fatt på ute området difor har me venta til nå. Men for å få det klart til i sommer så byrja me allereie i Mars å støype formen på vårt ute kjøkken. Det tar tid når ein skal gjere alt sjølv, sjølv om eg er gift med ein snekker, så er det kvelder og helger som går til å bygge det opp.

Men planene er klar og eg tenkte eg ville dele litt tips og råd med dokke i denne prosessen.

  1. Ha ein klar plan. Å endre uteområdet i etterkant er som regel ein vanskelig ting så ver sikker i dine valg, bruk eventuelt fagfolk som lager skisser til deg og ein plan på korleis du skal gå i gang.
  2. La det være eit samspill med husets arkitektur. La uteområdet vere som ein forlengelse av inne.
  3. Forskjellige nivå. Har du ei flat tomt, bygg opp eller bryt med andre materialer for å få ein fin dynamikk.
  4. Tenk stort. Ikkje små elementer men heller færre og store.
  5. Belysning. Belys fra forskjellige nivå, bakkenivå, øyehøyde.
  6. Vann. Legg ut røyr og elektrisk slik at du kan leke deg med lys og vann. Vannspeil i hage gir ein veldig fin refleksjon.
  7. Siktlinjer. Plasser små fokus punkt fleire steder.
  8. Forskjellige former. Har du ein firkanta terrasse kan du gjerne bruke runde vannspeil eller skjære hull i plattingen til å plassere eit tre ned i. Bruk runde former for å brekke kantene.
  9. Tenk dynamikk ved inndelinger. Gå gjerne rundt ein vegg for å komme til neste sone. Heile uteområdet må ikkje vises ved fyrste øyekast.
  10. Logistikk. Kva ønsker ein ute? ute dusj ? lounge sone? tenk på kva ein vil bruke uteområdet til.
  11. Plassering. Skal du bygge deg eit ute kjøkken eller ha ein spisesone er det lurt å legge den i samme etg som kjøkkenet i huset og så nære du kommer inngangen slik at at blir lett å ta i bruk.
  12. Jaquzzi. Tenk på kvar du plasserer den. Avstanden frå ein dusj inne bør ikkje være så langt unna.
  13. Sol. Kvar står sola opp? kvar er Vest? Når bruker du hagen mest? er detpå kvelden at du vil ha ein sitteplass for å nyte solnedgangen? ver bevisst på korleis du kjem til å bruke hagen.

Planlegging er altså alfaomega når det kjem til uteområdet.

Eg jobber som interiørdesigner og veileder folk at har ganske god peiling på kva dei vil ha men klarer ikkje å få heilheten i det for dei går seg «hus-blinde». Det samme kan ein gjere på uteområdet.

Eg kunne meir enn gjerne brukt ein hage designer som feks komplett hage miljø fra Frakkagjerd for eg føler eg har gått så mykje oppi dette at eg har låst meg fast. Men min mann meiner på at me skal klare dette sjølv og eg får bare x fingrene for at det blir bra for oss. For husk at ein skal lage det slik at det passer deg, dine behov, ønsker og personlighet. Og eg forventer absolutt ikkje at det skal falle i smak hos alle der ute. Men så lenge me likar det og at det er funksjonelt og estetisk er det meir enn godt nok.

Har du lyst å lese meir om planane mine kan du lese mitt tredje innlegg eg har skrevet for Haugesunds Avis BOLYST.

Kommende veke er eg forresten å finne på Amanda senteret der eg skal lage til eit hage miljø nede i 1.

etg. Her skal eg bruker interiør butikkene på senteret ( Feel, Kremmerhuset, Nille, Princess, Kitch´n, Tilbords og mestergrønn på planter).

Det blir også ein pute pop-up pute butikk fredag 15-19 og lørdag 12-16. Dette gler eg meg veldig til, håper du stikker innom for inspirasjon og kanskje nokre tips og råd på veien. PS: Det kjem til å bli ekstra gode tilbud på puter neste helg på Amanda senteret.

Håper eg ser deg der:)

 

 

2 Comments
  • Irene

    5. mai 2019 at 21:53 Svar

    Klaart du klare d fiiiint. Elske d lilla du har delt allerede. Og takk for goe tips

  • Regine

    6. mai 2019 at 10:25 Svar

    Så mange gode tips!! Du er så flink, så det blir nok kjempe bra, gleder meg til å se meir 🙂 Eg har ei stor naturtomt med mykje bakker og syns det er litt utfordrende, men driver og planlegger. Først skal eg få ordna tunet mitt av fagfolk, og området til leigebuer, så må eg spare til ny og større terrasse og soner i min hage neste år.

Post a Comment