Glade jul | Moderne stil
4510
post-template-default,single,single-post,postid-4510,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Glade jul

Sønnen min på 5år trudde ei stund at han fylte året når det var jul. Sanninga er at han fyller 10 oktober og det var 11 oktober eg fekk besøk av dei dyktige damene frå Mint agency som kom for å lage jule reportasje heime sjå meg for Interiør magasinet. Så dagen etter me kom heim frå ei veke i Tyrkia var det bare til å brette armene saman å finne seg eit juletre og pynte til jul. Det blei bakt pepperkaker ( sjå bilde av mummi huset) hogget tre, og pyntet i alle rom.

Heldigvis hadde butikkane på Amanda senteret allereie i oktober fått inn ein del julevarer. Men eg brukte også ein del varer som dei selger heile året, som feks George Jensen vasen og lysestakene, stasjet dei opp og fekk dei til å fremstå «julete». Og eg er veldig glad i nettopp slike varer som ein kan bruke heile året og med bare små touch så glir det prefekt inn i dei ulike årstidene. ( sjå bilde av George jensen samlingen lenger nede)

Så i år har eg pynta til jul to ganger. Men der gjere meg ingenting for eg er så glad i denne høgtida. Den har så mykje varme i seg. Folk er på ein måte meir omtenksomme i jula og me gjere alt for at heimen vår skal være ein god plass å være.

 

Kva betyr jula for deg?

For meg er det aller viktigaste tid i lag med dei eg er glad i. Tid til å gjere ting i lag, som tid til å bake i lag, spille kort i lag, sjå ein god julefilm, eit godt måltid i lag, lese ei god bok (snø søsteren). Ein har ofte så høge forventingar når det kjem til jul og eg synest me skal senke desse forventingene og heller være glad for den tida me faktisk har i lag og gjere det beste ut av den. Tida i lag er dyrebar og gir oss minner som me kan leve lenge på.

Når det kjem til julepynten er eg ikkje så veldig rød og nissete av meg. Eg er tro mot min stil og liker best natur farger i lag med messing og kobber for å gjøre stilen meir varm. Stilen min kan vel kalles varm minimalisme. Men eg har noko rødt, og det finner du i små detaljer, som dei rust røde lin serviettene frå Princess/ Amanda senteret. Håndklærne på badet som er i ein rød-lilla farge, dei er i bambus frå princess/ Amanda storsenter. Og på kjøkkenet finner du ein del av veggen malt i ein rust rød farge, samt soverommet som har blitt litt «julete» i form av nye deilige steinvaska bomulls sengetøy, også frå Princess/ Amanda senteret.

Men eg elsker å komme heim til venner og familie som verkeleg har dradd fram alt av nisser og engler. Men det skal seiast at ungane sin pynt frå barnehagen og skolen får stå framme. Samt gammel julepynt frå då eg var liten, det har stor affeksjonsverdi for meg og gir assosiasjon til glede og minner frå besteforeldre som ikkje lengre er her. Og rommene til ungane får dei pynte akkurat som dei vil. Og hos oss leker dei til og med med julekrybba .

Eg legger ikkje skjul på at eg synest det var veldig stas at Interiørmagasinet valgte å komme heim til nettopp vesle meg. For meg som lever og ånder for interiør og styling var dette ein stor drøym.

Håper du liker måten eg har pyntet på:) Og vil du lese saken og sjå det på trykk er bladet fortsatt til salgs.

 

Og med det vil eg ynskje alle mine fine gode følgerar ei riktig god jul og godt nyttår.

 

Kjole samsøe samsøe frå Stempel på Åkra.

 

 

 

 

George jensen vase og lysestaker frå Mestergull, Amanda storsenter.

 

Krans laga av Kopervik Blomsterdesign.

 

 

 

Håndlaget figur, Kristiina Haataja

 

Lin servietter frå Princess, Amanda storsenter.

Vase frå Feel, Amanda storsenter.

Bukett frå Kopervik Blomsterdesign.

 

Heime laga nordlanskaker og mandelflarn.

 

Serviset «julemorgen» frå Tilbords, Amanda senteret.

 

Julekuler frå Feel, Amanda storsenter.

 

 

 

 

Såpe og håndkrem frå Rituals, Amanda storsenter.

Håndklær i bambus frå Princess, Amanda storsenter.

 

 

 

 

 

Heime laga adventskalender.

 

 

 

Steinvasket bomulls sengetøy frå Princess, Amanda senteret.

 

 

 

 

 

DIY juletre laget av rekved.

 

Bambi figurer frå Feel, Amanda senteret.

 

Julekuler frå Feel, Amanda senteret.

 

 

 

Tags:
No Comments

Post a Comment