Give away frå mitt yndlings klesmerke | Moderne stil
3831
post-template-default,single,single-post,postid-3831,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Give away frå mitt yndlings klesmerke

Hei hei.

Eg har blitt spurt om å vera gjestebrukar hos handlegaten.no i 1mnd, og det takka eg ja til. Her styrer eg sjølv kva bilder eg vil dele og kva produkt eg vil fremheva.

Eg kjem til å ha fokus på ein bestemt butikk i ei veke.

Fyrst ut er Calis hos handlegaten.no. Ein klesbutikk for damer som fører merker som  Just Female, Hunkydory, Line of Oslo, RebekkaRebekka, Gestuz, Arnie Says, Nude of Scandinavia med flere.

 

Eg har sjølv jobba i tekstil bransjen siden eg var 15år og har fagbrev i salgsfaget. Og jobber faktisk ennå som sensor i prøvenemnda for 9året. Eg har vert butikksjef på Icon i Haugesund og på Oasen storsenter. I 2013 var eg og Ivar Jacobsen på innkjøp hos eit relativt nytt merke som heit Arnie Says for å kjøpe inn til herre klesbutikken. Dei hadde også ein kolleksjon til dame og siden den gang har det vert mitt yndlings merke både til herre og dame.

Arnie Says startet opp i 2010 av Norske Arnt Jakobsen. Som du kanskje veit så heier eg spesielt på Norsk design.

Merket er eit heilnorskt merke som lager behagleg, avslappande klær i god kvalitet. Dei er spesielt kjent for sine fine strikkegenserar i angora, kashmir, bomull, alpakkaull frå sør- Amerika og merino frå Australia. Arnie Says er allsidig, comfy og kvalitetsbevisst. Ullen spinnes på håndplukka spinnerier i Italia, noe som gjer at dei sjølv kan velge garnkomposisjonen og med det skilje seg ut frå konkurrentane.

Designprosessen starter med garnet, og ikkje med ein skisse som er det mest vanlege i denne bransjen.

Når den perfekte garnkombinasjonen er valgt, er designet av kolleksjonane i gang. Det har resultert i tilbakelente kvardagsklær, med god tekstur og reine, skandinaviske linjer.

Arnt Jakobsen har vert lenge i bransjen og kjenner produksjonsapparatet godt og veit kven som er best til kva. Han har derfor valgt frå øverste hylle og produserer hos gode fabrikker i Portugal, Italia, Tyrkia og Hong Kong. Arnt er opptatt av å bruke norske ressurser der dei kan, og heile designprosessen foregår i Noreg.

 

Dette er bakgrunnen kvifor eg valgte å køyre ein give away med akkurat denne genseren frå dette merket. Det er viktig for meg at eg fronter noko som eg kan stå for, og ikkje omvendt.

Give awaken varer frå i dag, søndag 01.Oktober tom søndag 08.Oktober.

Modellen på genseren heiter Fiona og er ein klassisk ullgenser frå Arnie Says. Perfekt til høsten og vinteren.

Denne genseren passer til alt og alle fasonger.
Kvalitet: 50% alpakka, 28% polyamide, 22% lammeull. Normal i størrelsen.

Farge: grønn

Verdi på give away: 1200

 

Tags:
1 Comment
  • Siw

    1. oktober 2017 at 21:26 Svar

    Lekker. Er kommentaren verd et lodd?

Post a Comment