Forside bilde | Moderne stil
4011
post-template-default,single,single-post,postid-4011,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Forside bilde

Sist lørdag kom årets siste utgave av Vi Bygger Nytt ut til 50.000 husstander på Haugalandet. Eg jobber som stylist og blogger for bladet og når bladet var ferdig trykket fikk eg vite frå redaktøren Liv at mitt bilde var på forsiden. Slikt blir eg veldig rørt av og takknemlig for. Eg har ingen utdannelse som fotograf men er veldig interessert i å ta gode bilder som har fin stemning. Frå neste år av kjem eg også til å ta ein god del bilder for meglerhuset Lea og Partnere. Slike tilbud gjere meg stolt med tanke på at eg er sjølvlært.

Du tenker kanskje at nå var det mykje skryt til meg sjølv? og faktisk bryr eg meg ikkje så veldig for eg synest me skal drite litt i janteloven, som eg har nevnt fleire ganger.

Ha tro på deg sjølv, sats på det du drøymer om. Eg leste ein god artikkel her om dagen som fekk meg til å stoppe opp å verkeleg tenke.

«Du dør bare ein gang» av Christine Otterstad.

Eg har sjølv ein tendens til å leve i fremtida. Guttene på 2 1/2, 4 og 6 1/2år krever sitt, og eg drøymer om å kunne stå opp seinere enn kl 06 alle dager, og gjerne ha senga for meg sjølv (mannen kan til nøds få ligge der) Eg drøymer om at klærne finner vegen sjølv til vaskemaskinen, opp på tørkestativet, brettes og på plass i hyllene heilt sjølv. Om ei vaskedame som kan vaske huset annan kvar dag ( tar bare ein dag før det blir skittent) Om varm mat som står klar på bordet i middagstider osv osv. Me drøymer oss vekk og ynskjer oss alltid det me ikkje har. Og mangen drøymer som me har i Noreg går på det materialistiske.

Men det me har er her og nå. Eg er frisk, eg har alle rundt meg som eg er så glad i. Eg har ein jobb er elsker. Og eg bur i trygge gode Noreg. Eg har med andre ord all grunn til å smile. Som Christine Otterstad seier » Det einaste me veit heilt sikkert er akkurat dette øyeblikket». 

Det er opp til deg kva du ynskje å gjera med ditt liv og din tid. Difor dette skryte innlegget fordi eg har oppnådd meir enn det eg har drøymt opp jobbmessig akkurat dette året. Eg har allereie nesten heile januar full booka og mangen kjekke prosjekt på tapetet i 2018 så følg med, og ynskje du meg på besøk for å veilede må du ta kontakt.

Året er på hell og eg vil ynskje deg ei fredfull og minnerik jul og godt nyttår.

Takk for at akkurat DU er innom å leser bloggen min.

 

 

 

 

 

2 Comments
  • Eirin Thorkildsen

    4. januar 2018 at 00:40 Svar

    Hvilken farge har du på veggen i stuen?:)

    • Ann Helen Kvalevaag

      12. januar 2018 at 10:58 Svar

      Den heiter Mohair og er ein matt maling frå Jotun.

Post a Comment