Haust på kjøkenet | Moderne stil
3795
post-template-default,single,single-post,postid-3795,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Haust på kjøkenet

Du har kanskje fått med deg at eg er veldig glad i hausten. Eg liker dei varme fargane ute i naturen og varme metaller som gull og kobber. Eg har i utgangspunktet eit ganske sterilt kvitt og sort kjøken men ved å tilføre litt varme farger og produkt i kobber får rommet eit heilt anna uttrykk.

I dag har eg vert å snop med meg nokre godbitar (bokstavlig talt) frå Amundsen Spesial på Amanda Storsenter. Min favoritt er Dronningsyltetøyet frå Tveit Gaard, det er bringebær og blåbær syltetøy frå Sveio. Kortreist og økologisk er ein viktig trend med tanke på den verda me lever i idag. Og eg kan med stoltheit sei at våre egen produserte betong produkt blir laga for hand på Torvestad, og når me skal frakte varene rundt i Noreg bruker me Nimber slik at dei får følgje med andre varer som skal same veg, viktig å tenkje på miljøet.

Butikken Amundsen spesial er ein butikk som eg heier litt ekstra på. Det er ein nisje butikk som har eksklusiv kvalitet, spanande sortiment og ypperlig service. Det er viktig å tenke på å bruke butikkane me har her heime kontra å bestille alt på nettet. Personlig service har mykje meir å sei for meg. Eg har sjølv jobba i butikk i 16år og ingenting slår den opplevinga ein får ved å kjenne på produkta og den gode atomsfære som er akkurat i ein butikk som Amundsen. I tillegg er det flott at Amundsen er ein butikk frå Haugalandet. Eg meiner det er viktig med slike små fine unike butikker som skiller seg ut frå alle kjede butikkane.

Kvitt er ut og fargar inn, og ein treng ikkje gjera den største forvandlingen for å oppnå eit spanande slutt resultat. Slik som veggen eg har valgt å måle på bare ein del av veggen er faktisk nok til å løfte heile rommet. Vegg fargen er Dusty red i matt maling frå Jotun. Om hausten får den verkeleg skinne da naturen rett utanfor vindaugo går i same toner.

Lacafetiéré espresso kanne i kobber og børstet stål, Amundsen Spesial.
Olivenolje, extra virgin, Amundsen spesial
Kjøtt og grill krydder, Amundsen spesial
Dronningsyltetøy, Amundsen spesial
Makroner, Amundsen spesial
Teskjee, Amundsen Spesial
Telys stake, Nille
Trefjøl, Nille
Sabor kobber gryter, Tilbords

Såpedispenser og beholder, Kremmerhuset.

Corokia plante, Mestergrønn
Blomsterpotte, Kremmerhuset.
 Hode figur, Kremmerhuset.

SaveSave

SaveSave

SaveSave

SaveSave

No Comments

Post a Comment