Eit mester gulv | Moderne stil
4123
post-template-default,single,single-post,postid-4123,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Eit mester gulv

  -Sponset-

Har du nokon gang tenkt på kor mykje eit gulv har å sei for heilhet inntrykket?

Eit gulv utgjør mykje i eit rom, det har ein stor flate og gulvet bør harmonere i fargene ein ellers har i rommet synest eg.

Parador:

Det er over 5 år sidan me bygde huset vårt og når me da bygde var eg veldig bevisst på at eg ikkje villa ha parkett. Me hadde da ein liten gutt som elsket å kaste leker i gulvet og dra stoler rundt om kring i huset, så parkett gulvet i den gamle boligen var ikkje like lenger så fint. Ripene og hakkene var veldig synlige.

Eg tok turen opp til IBO på raglamyr og fortalte det at eg ikkje ville ha parkett eller laminat. Eg ønska meg eit gulv som tålte slitasje, var lett å halde reint, mjukt å gå på og med trendy breie bord.

Eg fekk da god informasjon frå dei tilsette på IBO Raglamyr og valget havna da på Parador.

Eit gulv som var relativt nytt den gang og som eg ikkje hadde nokon referanser på fra venner og kjente, men eg visste at dei på IBO hadde den kunnskapen som trengtes for å velge rett gulv.

Det gulvet innfridde alle mine ønsker. Det er eit kork venyl gulv som eg anbefaler på det sterkaste. Einaste eg angrer på er at me ikkje la det i trappa også for den hadde vert enda finere hadde me kledd den inn.

 

Men me lærer så lenge me lever og i vårt siste prosjekt der me tegna, bygde og innreda huset på Vassbrekke valgte me nettopp å kle inn trappa. Resultatet blei super lekkert og etasjene fløyt mykje finere i sammen ved å ha samme gulv både oppe og nede.

Kommende lørdag, 24.03 kjem» Vi Bygger Nytt» ut med ein reportasje frå nettopp dette huset.

Her får dykk sjå korleis dei som kjøpte huset har det og om dei er fornøgde.

Eg kan vertfall røpe det at mannen i huset synest at nettopp trappa er utrolig behagelig å gå i, og det var faktisk noko gjestene deiras også bemerka seg, at den var usedvanlig god. Trappa har mannen min, Egil, Modernebygg1 laga så det er ikkje noko bestilt trapp.

Eg vil også vise deg kor lekkert det er å kle inn trappa i samme materiale som gulvet, her med Parador Kork Venyl.

Det er min mann, Modernebygg1 as som har laga denne trappa etter ønsker fra kunden, LJ Austevik. Eg og min mann legger mykje vekt på ei trapp og som du ser her så blir det ikkje bare noko ein går i, men også eit møbel som er estetisk nydelig og praktisk med valg av materialer med god kvalitet.

Meister:

Gulvet me valgte i den tøffe funkis boligen på Vassbrekke var gulvet frå Meister, også kjøpt hos IBO Raglamyr. Eg var så fornøgd med kork venyl gulvet me hadde i egen bolig at eg ville kjøre på med samme materialer. Me valgte å legge penger i gulvet for det er ein flate ein sjeldent bytter ut. Og eg meiner at ein får igjen for å investere i eit godt gulv med god kvalitet.

Eg har fått ein del spørsmål om kva nettopp gulvet som me valgte på Vassbrekke heiter. Det er Meister Design flooring Tecara i fargen 6975 som er ein heilt lys farge med fine breie bord. Eg valgte ein del mørke farger i huset så da ville eg ha eit lyst gulv som gikk til alle fargene og ikkje gjorde rommet for tungt. I tillegg brukte me spiler i furu både i stue, yttergang og soverom så da ønsket eg ikkje å ha fleire trefarger i rommet. Om eg hadde valgt eit trefarga gulv hadde ikkje spilene fått samme effekt. Dette design gulvet frå Meister er 100% PVC fri og har stempelet «Blue Angel» the German ecolabel så dette er eit grønt produkt. Det hjelper også på støy nivået i boligen da korken ligger i to lag. Det har nemkleig ein elastisk overflate. Og husk på å bruke lite vann når ein vasker det.

Både Meister og Parador er frå Tyskland. Ibo er den einaste butikken eg veit om som får ha begge desse merkene i butikken sin. Desse er på ein måte konkurrenter og ligg side om side med fabrikkane sine i Tyskland. Men det som er greit for oss som kunder på IBO er at me uansett finner noko ein liker. Eg har nå vert oppe å valgt ut eit nytt gulv til vårt neste prosjekt som er eit hus me bygger på Åkra. I dette huset skal det gå i blå og grå toner og heilt lyse tre spiler. Eg stod mellom eit gulv frå Meister og eit frå Parador. Det frå Meister er eit gulv som heiter Lindura som er det mest slitesterke gulvet eg nokon gang har vert borti. Det er 3x så hardt som parkett. Det har 0,6mm reint tre og ein mdf kjerne, 2lag med kork på 1mm, PVC fri overflate.  Det kjem også i to forskjellige bredder som gjør at ein kan mikse dei og få eit spennande uttrykk som gir liv i gulvet. Dette gulvet kan ein til og med danse med tyne stilett heler på uten at det blir riper og hull. Det er eit high-tech tre gulv. Sjekk ut denne videoen for å sjå korleis gulvet er satt saman.

Eg har vert å tatt nokre bilder frå butikken IBO på Raglamyr. Dei har jobba og investert mykje ved å lage denne nye avdelingen med gulv. Ein får eit mykje bedre inntrykk av gulvet ved å gjøre det på denne måte. Eg er kanskje over gjennomsnittet interesert i gulv blant folk flest men det lønner seg å velge kvalitet framfor kvantitet. Og eg kunne gjerne ha snakka om andre typer gulv som eg anbefaler på soverom og inngangsparti men det får bli i eit nytt innlegg.

Håper innlegget var til inspirasjon og så gler eg meg til å vise nettopp deg vårt nyaste prosjekt og korleis gulvet kjem til å gli fint inn til fargane eg har valgt. Mangen gøyale løysninger også i denne boligen som kommer for salg til høsten.

 

Her er fargene eg har valgt, grått og blått. Øverst til venstre ser du Parador classic 2030. Oppe til høgre Meister Lindura wood flooring. natural artic white oak 8516. Og nede Meister longlife parquet penta, limed white oak lively 8594.

Huset på Vassbrekke. Desse bildene er tatt av meg. På Lørdag får du sjå korleis Anita og Jan Mæland har innreda i Vi Bygger Nytt.

Eg har vert så heldig å fått blitt med dei i flytte prosessen og hjulpet dei med å finne deiras stil som passer inn i denne funkis boligen. 

 

 

 

 

SaveSave

No Comments

Post a Comment