Eit år kloker både på godt og vondt. | Moderne stil
4556
post-template-default,single,single-post,postid-4556,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Eit år kloker både på godt og vondt.

Eit innlegg av det personlig igjen nå som året 2018 er omme. Kva har gått bra og kva har gått mindre bra. Eg har vertfall tatt lærdom av året som akkurat har passert.

Året 2018 begynte med at me feria nyttårs aften aleine, stusselig å bli dumpa bare eit par dager før. Det gikk litt innpå meg der eg tenkte kven er vel eg om eg ikkje har venner som vil feire med oss. Og det har ikkje stått på at me ikkje har bedt folk før, me blir bare ikkje bedt så ofte igjen… Men den lærdommen gjorde at eg i dag sitter med ei god kjensle i kroppen der me i går på nyttårs aften inviterte to nye vennepar med barn til oss. Eit vennskap som eg er evig takknemlig for og som har berika livet mitt. Eg har blitt kjent med ein ny gjeng som gir glede, energi og vil meg vel. I tillegg har eg også fått sett kven som er mine ekte venner, og tatt opp igjen kontakten med 2 gode barndomsvenninner.

 

3åring i hus

Minstemann blei 3år i januar  og fekk «Hakkebakkeskogen» som tema. Han levde seg heilt inn i rolla og opptrådte med sang foran alle gjestene. Sjølv om eg kan bli litt gal av å ha 3 små gutter som ikkje alltid gjør som eg ønsker så er eg uendelig takknemlig for å ha 3 friske gutter som gir meg livsglede.

Innlegget frå bursdagsfesten kan du lese HER.

 

Unike arkitekt tegnede hytter og TV Haugaland.

På jobb fronten fekk eg ein ny spennande utfordring frå Berge Sag. Camilla Thorsen som er arkitekten har tegna mange nye fine hytter og ønsket at eg skulle lage moodboard til 4 ulike hytter, 2 tradisjonelle og 2 moderne hytter. Denne unike arkitekt tegnede hytte katalogen blei utrolig flott og har allereie blitt veldig populær blant dei som i dag ønsker å bygge hytte. Og i anledning den saken inviterte eg arkitekten Camilla Thorsen og eiendomsmegler Truls Lea ( les champagne megleren) heim til meg for eit intervju av TV Haugaland.

 

 

Eg inngikk eit samarbeid med IBO raglamyr der eg skreiv blogge innlegg for dei om gulv valg, innlegget kan du lese her. Slike seriøse samarbeid synest eg det er kjekt å seie ja til.

Søstera mi og svogeren min meiner eg er litt vel PR-kåt, nja kanskje det, men når tv Haugaland og avisene ringer meg kan eg ikkje seie nei. Eg står på egne bein og treng å få ut kven eg er og kva eg kan tilby, så for min del er det veldig positivt å få media omtale for at eg skal nå ut og kunne leve av å vere interiørdesigner. Tv Haugaland var hos meg i februar for å høyre kva eg egentlig gjør på, saken kan du sjå her.

 

Samarbeid:

Eg har tatt på meg oppdrag for Desenio og Pelimoo, bilder som er greie å bruke på boligstyling da eg treng sirkulasjon i stylingene mine. Men eg er opptatt av håndlagde ting, kortreist og unike produkt. Og på heimefronten vil eg heller ha bilder på veggane som gir meg noko. Eg heier heller på Oddbjørn Austevik, Line Osmundsen, Jannecke Sanne, Art by stones photography, og nykommeren som er kreativ og dyktig Vilde Rolfsnes, og nesten alle høyrer til Haugalandet. Eg er opptatt av å «handla hima» og støtte dei eg kan på denne kanten av landet

.

 

Boligstylist for Berge Sag:

Eg er så heldig å få fortsette samarbeidet med Berge Sag der eg styler deiras visnings hus. I 2018 stylet eg to boliger for dei, ein på Hemningstad og ein på Lyngtunet. Sist nevnte fekk eg lov å velge gulv, fliser og farger til heile boligen. Eg kunne da planlegge meir i detalj stylingen når eg eg visste kva farger eg skulle matche.

«Smellen»:

Mars 2018 reiste eg til Oslo for å utdanne meg til Interiør designer hos Norsk Interiørskole. Eg tok i 2016 intesiørveileder hos dei, og kjente at eg nå ville ta alle moduler dei hadde å tilby. Eg hadde muligens ikkje trengt det for eg hadde nok jobb, men eg higrer alltid etter ny lærdom og ville kvalitetssikre arbeidet eg utfører ved å lære av den svært dyktige faglæreren Ronald Moholt. Det var ikkje noko enkelt for meg å reise til Oslo fleire ganger i måneden over 4 måneder. Eg sliter nemlig med flyskrekk og blir veldig uvel før eg skal reise. I tillegg har eg angst for store folkemengder, sove aleine, egentlig være aleine på nye plasser der eg ikkje kjenner nokon. Eg beit tenna sammen og bestemte meg for at eg skulle gjøre mitt beste.

Eg kan stolt sei at eg kom på kvar einaste undervisning og eg vokste på å reise så ofte til Oslo. Det gikk lettere og lettere for kvar reise og eg blei enda rakere i ryggen. Eg prøvde meg ut på airbnb og havnet hos ei veldig hyggelig og snill dame, som tilfeldig nok er interiør arkitekt. Eg blei kjent med Oslo på ein heilt annan måte enn når ein bare er ei helg på konsert der ein overnatter på hotell på karl johan. Eg måtte lære meg korleis eg kom meg rundt med tog, buss og trikk. Eg leste til eksamen i parken med andre som nøyt den varme fine våren. Nokre av mine medstudenter tilbrakte ein formiddag på Frogner badet mens me øvde til ein prøve.

Eg fekk meg nye venner som forstår min brennende lindenskap for yrket. Ei av dei fekk eg til og med bo hos og veit at eg alltid kjem til å ha kontakt med framover for ho er unikt dyktig, ein god støtte spiller og tenker veldig likt som meg, bare så synd ho bor på Holmenkollen og i lille Kopervik.

Eg var også så heldig å få bli kjent med ei energisk dame i klassen som tidligere har vert ein svært populær fotograf i Oslo, men nå lever ho av å være boligstylist. Heldige meg fekk komme i studioet hennar å tok proffe bilder som eg kan bruke i markedsføringen av mitt firma. I tillegg møtte eg gode Jannicke som eg blei kjent med gjennom instagram. Å lunche med henne gav meg påfyll, ho er ei dame eg har masse å lære av, og eg valgte faktisk å bruke hennar farge for Nordsjø på huset me bygde på Åkra. Fargen i stua og kjøkkenet heiter aimforhappiness blue og er laga av Jannicke.

Tenk at lille meg skulle våge å booke eit rom i ein leilighet til ei vilt framande dame. Her delte me bad, kjøkken og stue. Leiligheten låg bare 2 min gåavstand frå skolen min på Grünerløkka. Eg kan varmt anbefalte overnatting via airbnb.

Men å pendle slik i 4måneder, følge opp 3 små gutter i barnehage og på skole, være ektefelle, holde hus og him. Være «byggherre» for eit prosjekt, sponse samtalerom for barnevernet og planlegge huset eg og modernebygg1 bygde heilt ned i detalj samt ha innleveringer og eksamen på skolen gjorde at det til slutt sa stopp. Eg gikk på ein skikkelig smell. Eg orket ingenting til slutt. Følte eg blei kvalt av oppgaver, tida strakk ikkje til og er sleit med søvn og ekstremt dårlig humør. Eg skiftet personlighet og blei grusom, eg hadde lett for å grine og var veldig sårbar. Det endte med at me reiste 1 veke på ferie der eg koblet av alt. Kun familie, søvn og god mat stod i fokus. Men det nærmet seg eksamen og eg hadde ikkje tenkt å mislykkes. Eg greide det og begynte sakte men sikkert å reise meg opp igjen. Eg prioriterte kun det aller viktigaste og klarte å fullføre skolen med toppkarakter, 5A og 1B+. Og kan i dag sjå tilbake på tida som student i Oslo som noko godt og at det har gjort at eg har vokst og sett at eg har klart alle utfordringer eg var redde for å ta.

Eg oppleve mykje kjekt i tillegg til skole gangen. Eg var på Camilla Volden sitt merke Confettibird sin pop-up garden party heime sjå Evy Kasseth, eit fantastisk party, og sjølvsagt reiste eg heim med både kjole og kimono frå Confettibird.

Eg var også på Tapwell sitt party. Dei hadde klart å lage showroomet sitt om til ein nattklubb. Tone Kroken og Karina frå Eske interiør hadde foredrag.

Eg var også invitert til hagepartyet til Hanne Holdsted men måtte da prioritere å reise heim til barn og mann.

Interiørstylist Amanda storsenter:

Eg fekk også tilbud om å bli interiør stylisten til ein kjede. Eg tok eit oppdrag men kjente at magefølelsen sa nei og valgte da å takke nei til jobben. Eg følger alltid intuisjonen min og eg glad for at det blei slikt det blei.

Men så var eg i kontakt med Amanda senteret som eg hadde gjort ein jobb for året før og me kom raskt til enighet og det har vert ein fryd å jobbe med dei. Fra august av har eg skrevet eit månedlig blogge innlegg der eg har stylet med dei nyaste interiørvarene frå Amanda senteret. Og så fikk eg full tillit til å planlegge interiør uken som var i høst. Eg gler meg verkeleg til å fortsette samarbeidet med Maria og Ann Elin på Amanda senteret.

Her er eit bilde frå 1 av 4 utstillinger eg lagte under interiør uken.

Bygg ansvarlig:

Midt oppi pendling til Oslo og store prosjekter trudde eg at eg skulle til eit kort oppdrag som bestod i å fargesette eit kjøkken og stue. Det viste seg at det blei total renovering at stue, kjøkken og gang. Og eg fekk i oppdrag å hente inn alle fag og være kontakt person for dei. Eit ærefullt oppdrag, men det gikk litt ut over fritida med barna  i ferien da det blei ein del telefoner som måtte følges opp. Alt skulle på plass og det før i fellesferien. Eg ser nå at å være bygg ansvarlig er noko eg ikkje lengre kan ta på meg når eg har så pass mange prosjekter gående på samme tid. Men prosjektet blei veldig bra og kunden fornøgd. Fleire bilder av det kjem i år.

Her ser dokke ein spile kasse som er laget av meg og Modernebygg1 for kunden. Det er innfelt glasskap på eine siden og tv og bio peis på andre siden. Den blei satt inn for å lage soner i ei stor stue/kjøkken samt bedre akustikken i rommet.

Vi Bygger Nytt «Bloggeren»:

Eg har hatt 2 innlegg for Vi Bygger Nytt bladet i år. Samt vert med på mange stylinger i hus reportasjer da eg gledelig fortsatt er stylisten deiras.

Innlegg frå «fest rommet» som blei ferdig i fjor vår.

Og frå sjøhuset, innlegg «masterbedroom»

Barnevernet:

Ei sak som var viktig for meg i fjor var «prosjekt samtalerom for barnevernet». Eg tok på meg oppdraget og hentet inn sponsorer og fekk fullført rommet slik at det i dag oppleves trygt, lunt og innbydende for barna som skal inn der til samtale. Meir om det prosjektet kan du lese her. 

Og vil du lese Champagne megleren sitt blogge innlegg om saken kan du sjå HER. Meglerhuset Lea & Partnere var nemlig ein av sponsorene i det prosjektet.

Eg håper faktisk at eg har mulighet til å ta på meg fleire slike oppdrag for det gir meg så mykje glede å kunne gi litt igjen til samfunnet. Eit av ønskene for i år er at eg skal ha fokus på å være raus. i tillegg til alle dei kjedelige typiske «trene meir og spise mindre». Men det viktigste av alt blir å være raus med dei rundt meg og ikkje minst ha tid til både meg sjølv og min familie og venner.

BOLYST:

Haugesundsavis kom i fjor med to utgaver av BOLYST magasinet. Eg var så heldig å bli spurt om å være skribent i begge utgavene. Eg blir veldig stolt og rørt over at folk stoler så pass på meg at eg får levere både tekst og bilder til eit magasin som kjem heim til så mange titusener på Haugalandet.

Samarbeid:

Eg har også fått samarbeidet med Ygg & Lyng i fjor, og Eve Sleep, to kjekke oppdrag. Eg får ein del henvendelser angående samarbeid men det må passe meg og min stil. Eg er opptatt av å være troverdig og at at det er produkter eg kan gå god for.

 

Hus prosjekt Modernebygg1 & Modernestil:

I fjor høst kunne eit par med ein liten gutt flytte inn i huset som me hadde jobbet intensivt med frå våren av. Eit hus som er planlagt heilt ned i detaljene. Huset blei solgt før dei blei lagt ut på det åpne markedet. Men i år kjem det to nye boliger me skal bygge å selge. Så stay tunet.

HER kan du lese da Vi Bygger Nytt var på besøk hos dei ferske huskjøperne.

.

 

Interiørdesigner:

Ellers har eg fått vert med på andre gøyale ting her på Haugalandet. Eg var så heldig å bli plukka ut til å få komme til dyktige Jane Dunkley ( som eg ser opp til) under målTID. Eg har hatt foredrag både hos Veldes malerservice og uteDESIGN. Sist nevnte skal eg ha nytt foredrag igjen i slutten av januar. Eg blei bedt med til Finn Schjøll sitt sommerhus for Nordsjø maling, men eg var opptatt med oppdrag og fekk ikkje dratt, kundene først.

Eg var også 1 av 10 som var nominert til å være mest inspirerende på Instagram hos Haugesunds Avis. Det stiligste av alt er at Inger @iminfirkant danket ut alle sammen og vant som Noregs beste på instagram. All honnør til dyktige Inger.

 

Ellers har eg hatt mangen store givende oppdrag, mest på nybygg. Nokre har eg fått følge heile vegen. Heilt frå material valg/fargevalg, møbler og til å handle inn og style boligen. Slike oppdrag tror eg det blir fleire av dei nærmeste årene da folk innser at tid er dyrebar og at det kan lønne seg å kjøpe den tjenesten hos ein interiørdesigner enn at ein skal gå seg vill i utvalget som finnes og gjøre bomkjøp.

Her er to bilder frå boliger eg har fulgt frå begynnelse til slutt.

TV2 Nyhetskanalen:

I fjor som året før var eg direkte via skype på TV2 nyhetskanalen der eg snakka om kvifor eg er fór å ha pakkekalender til barna i desember.

 

Boligstylist:

Eg jobber fortsatt som boligstylist og har pr i dag møbler til 6 hus. Eg jobber fortsatt som boligstylisten til Meglerhuset Lea & Partnere og veileder alle som skal selge bolig via dei. Eg er glad for å samarbeide med eit så proft eiendomsmegler firma.

Her er bilde frå ein styling eg gjorde for Eiendomsmegler A. Denne blei solgt 4 dager etter første visning.

Vili & Vé:

Eit anna oppdrag eg er takknemlig for å fått er prosjekt «julebutikk» hos Vili & Vé på Åkra. Eg har vert ofte innom dei i etterkant for personane der og stemningen i butikken er så magisk. Har du lyst å lese meir opp dette oppdraget kan du trykker HER.

 

Interiørmagasinet:

Sist men ikkje minst så var det stor stas for meg at interiør magasinet ville lage jule reportasje heime sjå meg. Fleire bilder kan du sjå HER.

 

Oppdrag 2019:

Eg er allereie i gang me store prosjekter og i år får du sjå kva eg har jobbet med hos Knapphus kjøkkensenter som åpner ny butikk på Bygens 17 januar. Og Icon som flytter og åpner butikker litt lengre ned i haraldsgata der eg har stått for alle valg.

 

Assistent:

Ei anna stor glede som eg fekk rett før året var omme var ein assistent. Ho heiter Ellen og har sjølv tatt kontakt med meg, og eg sa ja etter første møte med ho. Så lenge magefølelsen min seier ja så trenger eg ikkje dvele med ting. Ho kjem til å holde meg i øyrene for eg har ein tendens til å seie ja alle som spør etter veiledning og ender meg å jobbe meg i hel. Det har vert nok seine kvelder med jobb over midnatt i 2018. Og eg sitter alltid med dårlig samvittighet for at eg som regel alltid ligger bak skjema for eg presser inn nok eit oppdrag. I år skal eg helst komme 5min før tida, vere ferdig gjerne 1 dag før deadline og ikkje stresse så mykje. Og det har eg tro på at nettopp Ellen skal lære meg. Ho har nemleg ein heilt egen ro og har eit meir realistisk syn på døgnet timer, eg tror ofte eg kan jobbe dobbel vakter. Men for å unngå nok ein smell så må eg vere strengere meg meg sjølv. Oppdragene står allereie i kø og neste ledige tid er i Mars, men nøl ikkje med å ta kontakt i dag for dagene og ukene fylles fort opp.

Håper du fortsatt vil følge meg på min veg. Alltid noko nytt spennande på gang.

 

Og godt nyttår:)

 

4 Comments
  • Irene

    1. januar 2019 at 22:15 Svar

    Harrrregud så me seie på ekte stavangersk!!!!!!! Du kan jafall ta deg en skål å ver stolte øve året så e gått. Fy flade ka du har oppnådd og ennå står du oppreist. Så vondt å hørre om d så skjedde på nyttår. Desverre e d ofte sånn sjølv i voksen alder. Eg har lært mg å heller tilbringe merr tid m de få eg vett alltid e der for mg og som har bevist de e der. D e når en ikkje har d bra en ser kem så e der for en og kem så egentligt aldri har vært det…. Så vondt men så sant. Ser for meg du e ei så alltid inkludere andre men at folk då gjerna tar d forgitt andre veien. Gooodtnyttår Ann Helen du ska ver så stolt av d du har oppnådd. Gooo klem

  • Karianne

    1. januar 2019 at 22:30 Svar

    For et 2018 du har hatt. Sykt lei start på inngangen av 2018 men fytti ka du har klart- du er beundringsverdig dyktig, utholdende og kanskje litt for flink til å presse deg sjøl- bra du tok en time out når det var rett å gjøre det- og du e ikkje PR kåt;-) bare god på selge inn kunnskapen/tjenestene dine. Stå på videre men husk å puste på og ta pauser. Beundrer deg for å utfordre deg sjøl til å gå utenfor komforten på stadig nye greier( fly, airbb) lykke til videre i jobben din- må jo være deilig å brenne for jobben og elske det man gjør så inderlig. Mvh karianne

  • Jannicke Valen

    1. januar 2019 at 23:02 Svar

    Åå, du altså! Få imponerer meg så mye som du ❤️🙌🏻 Du er i en egen liga, men like fult så ydmyk og flott. Satte så pris på møtene våre i 2018, håper virkelig vi ses i 2019 også 😘 Jeg kjenner forresten igjen følelsen dere satt med på Nyttårsaften i 2018, og husk bare at jeg setter umåtelig stor pris på vårt vennskap! Klem Jannicke

  • Jane dunkley

    2. januar 2019 at 17:09 Svar

    Du e rå ! Stå på så oppnår du akkurat det du vil , skjønne Ann Helen ♥️ Godt nytt år !

Post a Comment