Dønn ærleg | Moderne stil
4040
post-template-default,single,single-post,postid-4040,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Dønn ærleg

I ny og ne deler eg nokre veldig ærlige innlegg. Det er for å vise at kvardagen er ikkje så perfekt som det den kan sjå ut til via Instagram og blogg. Me har alle noko me sliter med. Eg har delt korleis eg hadde det da eg hadde svangerskaps depresjon, og fekk enormt støtte, noko eg aldri hadde trudd. I dag er eg frisk. Takknemlig og glad for det. Men eg får til tider litt angst og det fekk eg akkurat nå i jula.

Rett før jul bestemte eg meg for å hive meg på utdannelsen interiørdesigner i Oslo som eg skal ta nå i 2018.

Eg fekk panikk ei natt eg skulle sove, som regel da tankane kjem, når ein har tid til å tenkje.

Eg fekk puste problemer, kjente pulsen rase, blei svimmel og kvalm. Eg er nemleg redd for å dra frå mine nære og kjære. Eg har det så godt med min familie. Så mykje å miste.

Eg har flyskrekk og har faktisk gått på flyskrekk kurs, der eksamen var å fly tur retur til Oslo. Me var ei gruppe på 15 stk og eg var den gang den yngste. Mangen godt voksne som hadde latt vere fyke dei siste 20åra. Trist at vår redsel skal stoppe oss i å gjere ting me ynskjer. Men eg forstår dei som bare ikkje klarer. Eg har alltid pressa meg til å gjere det eg er redd for. Og på eksamens turen blei eg så redd at eg låste meg inn på toalettet og grein ( vanlegvis har eg tatt noko beroligende før eg skulle ut å fyke) men dette skulle me på kurset nå unngå.

Då eg kom ut sa ei av dei andre kurs deltakerne at ho ikkje trudde at eg som var så tøff kom til å grine. Men for meg har aldri tårer vert ein svakhet. Men heller styrke for å vise at eg kun er ein vanleg person med ekte følelsar. Og veit du kva, eg satt meg på flyet, gjennomførte den, satt til og med i cockpiten når me landa på Helganes, men ho som sa det ho sa til meg, trakk seg.

Eg har aldri brukt beroligende etter kurset, eg kan ein del om det tekniske med eit fly, og veit at at turbulens ikkje er farleg og kva dei forskjellige lydane er. Men redd er eg fortsatt og det er ein stor grunn til at eg gruer meg til alle Oslo turane nå til våren. Eg er også redd for terror. Redd for å ta toget, redd for å gå på plasser med mangen folk. Redd for å sove på hotellrom aleine. Ja eg er redd, men eg pressar meg for frykten skal ikkje få ta overhand.

Eg var i høst på eit fantastisk foredrag med Ingvard Wilhelmsen. Han driv ein hypokonder klinikk i Bergen. Han er lege og professor emeritus med hypokondri og psykiatri som spesialfelt. Eg har høyrt på positivt og negativt om han. Eg opplevde han kún som positivt. Han opna augene mine med sitt foredrag og fekk meg til å tenkje på at eg ikkje må bruke tid mi på å frykte ting men heller leve her og nå. Det er ikkje alle dager det er like lett å tenkje slik men det har vertfall hjulpet.

Til jul fekk eg ei handfull med julegaver, og ein av dei eg blei mest glad for var  triologi boka til nettopp Wilhelmsen, «sjef i eget liv», «kongen anbefaler» og «det er ikkje meir synd på deg enn andre».

Det eg liker så godt med Wilhelmsen er at alt han formidler, er med humor. Kvifor skal eg vere redd for at eg skal omkomme i fly når eg kan bli 90år og frisk som ein fisk, eller for den sagsskyld, på kjørt av ein bil. Det er trossalt mykje farligere å kjøre bil framfor å fly. Men det er noko med det at når ein er passasjer i eit fly har ein ikkje kontrollen sjølv, ein må stole på at nokon andre kan jobben sin og frakter deg trygt fram der ein skal.

Me har alle ønsker for våre liv, men dei fleste mål som hindres kan me ikkje gjere noko med. Men me kan gjer noko med levemåten vår. Krig, ulykker og sykdom kan ramme. Det me kan gjere er å bestemme oss for korleis me skal forholde oss til det.

Sjølv om eg er redd, pisse redd faktisk, pusher eg meg sjølv for å nå målet mitt. Eg har ein tendens til å «slutte å puste» før eg har fullført det eg gruer meg til. Slik som når eg skal på ferie, gleder eg meg, men gruer meg veldig til flyturen, og under sjølve ferien blir gleda noko skygga for eg skal ta fly heim att, dette har blitt bedre dei siste åra, og i år skal eg bli endra flinkare til å leve her og nå. Vere til stede med den fine lille gode familien min. Akkurat HER, akkurat NÅ!

Eg ynskje for deg, at du setter deg eit realistisk mål for 2018, og at du gjer det du kan for å nå det.

«Do not wish for time to pass quickly. Time will do that on it’s own. Instead wish for deeper moments and wider perspectives. Have the courage to say «yes» and the wisdom to say «no». Abandon beliefs that weigh you down and embrace beliefs that are life-giving. You’re worthy of a life that holds great meaning and joy, and you’re capable of creating it, one heartbeat at a time. «Author B.Oakman. Den fine teksten har eg fått lånt frå dyktige Irene  Stangeland via hennes Instagram. 

 

 

 

SaveSave

14 Comments
  • Åse Elise Osmundsen

    3. januar 2018 at 14:40 Svar

    Du e fantastisk!!! Eg e me i heiagjengen din, og vett du kan klara må målå dine! Stå i redselen, så blir den kan henda ittekvart ikkje så farlig. Du e tøff og eit forbilde, du vise at mennesker e mennesker med alt d innebærer. TAKK!!

    • Ann Helen Kvalevaag

      12. januar 2018 at 11:17 Svar

      Tusen takk kjære gode deg Åse Elise:)
      Eg tenker at det er viktig å ikkje vere ein rosa blogger, men ein blogger som lever eit heilt normalt liv der ein har ting ein slit med i kvardagen. Me er alle bare heilt vanlige mennesker og det er da godt å vite at me er fleire som opplever sterk frykt for å føler me oss meir normale. Alltid skummelt å utlevere seg slik, men etter å fått drøssevis med fine sterke tilbake meldinger ser eg at det var viktig det eg gjorde.

  • Karianne

    3. januar 2018 at 17:03 Svar

    Heisan. Eg e nett som deg, pisseredd for å fly, gjennomfører et par turer i året- oppløst i tårer. Men MÅ for at det ikke skal begrense meg alt for mye. Hater plasser/steder der det er stappfullt med folk- klaus, redd for terror og noen ganger har eg angst for angsten. Det var ikke sånn før-har prøvd å ta tak og stå i det. Takk for at du deler- oppdaget siste tid st vi e mange som slit med mer eller mindre det samme- misforstå meg rett- e godt å oppdage at det e fleir enn en kunne tru. Vi e flinke som står i det😊klem karianne

    • Ann Helen Kvalevaag

      12. januar 2018 at 11:14 Svar

      Hei Karianne:)
      Så fint at du vil dele korleis du også har det her i denne kommentaren. Tusen takk. Eg tenker at ved å sette litt fokus på det med angst så ufarliggjør ein det temaet. Sammen er me sterkere. Ver stolt av deg sjølv som ikkje lar deg stoppe av frykten, det viser ein enorm styrke.
      Håper du får ei fin helg.

  • Trude Fjellstad

    3. januar 2018 at 20:47 Svar

    Fantastisk fint innlegg❤️ Du setter nok ord på noe mange føler her. Jeg kjenner meg igjen i mye av det du skriver – behovet for å ha kontroll (men er utrolig nok ikke redd for å fly😉), det å alltid bekymre seg og å tenke det verste…har noe å jobbe med der ja…God klem til deg for igjen å skrive så åpent og ærlig og masse lykke til med utdanningen – jeg heier på deg og vet du klarer det med glans! Det er jo noe som passer perfekt for deg, så jeg håper virkelig du klarer å glede deg over det som står foran deg❤️ Stor klem ❤️

    • Ann Helen Kvalevaag

      12. januar 2018 at 11:05 Svar

      Hei kjære Trude. Tusen takk for veldig fin tilbakemelding her inne sjå meg, det varmer meir enn du aner. Eg tenke at me har vel alle noko me er redd for, noen har det bare i litt større grad enn andre. Heldig du er som ikkje er redd for å fly, det må vere befriende. Men nå skal eg bare ha fokus på å vere til stedet i nuet. Helga skal nytast i lag med mine fine rampe gutter, og så ønsker eg deg ei fin fin helg Trude.

  • Marit S Kvinlaug

    3. januar 2018 at 22:57 Svar

    Så flott innlegg 🙌🏼 Jeg har selv lest bøkene til Wilhelmsen og har stor sans for hans måte å si ting på ☺️ Har slitt mye med sykdom og kjent på angsten jeg også. Lykke til med utdannelsen! Jeg heier på deg 👏🏼👏🏼

    • Ann Helen Kvalevaag

      12. januar 2018 at 11:00 Svar

      Tusen takk Marit. Håper det går bedre med deg nå. Eg har allereie meldt meg på eit nytt foredrag hos Wilhelmsen, gler meg veldig. Mykje å lære av han. Ynskje deg ei fin helg

  • Norsk Interiørskole

    4. januar 2018 at 11:42 Svar

    Hei 😜Godt nytt år – Vær stolt av deg selv 🙌👍✨💫🌟Du er tøff som står frem- og husk ; det må ha et « sammenbrudd» til – for å få et gjennombrudd – så nå går det bare en vei og det er oppover. Vi skal ta godt vare på deg til våren – gleder meg å møte deg👍 Hilsen Vigdis

    • Ann Helen Kvalevaag

      12. januar 2018 at 10:57 Svar

      Tusen takk for veldig fin kommentar Vigdis. Gler meg til å begynne å studere hos dykk igjen. Og ikkje minst hilse på deg. Ønsker deg ei god helg.

  • Ragnhild Dybdahl

    4. januar 2018 at 12:11 Svar

    Flott skrevet! Jeg synes Wilhelmsen er en en klok fyr! Men det krever sin kvinne å gjøre som han sier! Tøff er du. Ønsker deg masse lykke til med studier! Du har det som skal til.
    Hilsen ei som er i samme båt❤

    • Ann Helen Kvalevaag

      12. januar 2018 at 10:56 Svar

      Tusen takk for fin kommentar. Det varmer. Eg tenker at ved at eg skriv om nettopp dette så ufarliggjør eg det å ha angst. Sammen er me sterkere.

  • Hans Liedtøl

    5. januar 2018 at 16:50 Svar

    Imponert, unge dame.
    Fordommar står for fall her….

    • Ann Helen Kvalevaag

      12. januar 2018 at 10:54 Svar

      Tusen takk Hans.

Post a Comment