DIY julepynt frå naturen | Moderne stil
3940
post-template-default,single,single-post,postid-3940,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

DIY julepynt frå naturen

I går viste eg deg korleis du lager små søte juletrær i gull, natur og kvit. I dag vil eg visa deg ein litt varmare måte å pynte til jul, og det med kobber.

Her kan du enkelt lage deg ei fin stjerne som nesten ikkje koster deg noko som helst. Men det kan koste nokon andre ein ny tommerstokk om du rapper deiras. Eg rappa nemleg mannen min sin gamle tre tommerstokk. Den eg har er fór nymotens i plastikk.

Konglene fant mor mi i skogen. Ho vaska dei godt ( kan vera «troll» i dei hvis ikkje) og heiv dei i steikeovnen på femti grader varmluft i nokre timar. Dei opnar seg fint opp om ein gjer det på den måten.

Bruk limpistol til å feste konglene til tommerstokken.

 

JULETRE:

Ellers har eg vert ute i skogen å henta meg eit stort lerke tre. Om du har små ungar i hus er dette genialt da det ikkje stikker. Julekulene har eg allereie fått mykje spørsmål om, dei kjøpte eg på salg for 2år sidan. Men eg har vert innom å sett at Hageland har dei i år også. Julestjerna var opprinneleg gull, men for dei som kjenner meg veit at eg må ha ein rød tråd i alt og den blei derfor sprayet i kobber. Lysene fikk seg også ein omgang med kobber spray for å passe inn i miljøet. Når eg styler er ingenting tilfeldig og for meg er det dei små detaljene som betyr noko.

Atomsfæren i eit rom har mykje å bety og her har eg lagt alt til rette for den gode følelsen. I rommet høyrer du Driving home for Christmas med Chris Rea. Den sangen gir meg assisasjoner frå barndommen då me køyrte til eventyrlige Ulvik i Hardanger for å besøke slekta. I tillegg har eg lagt fram stjerneanis, kanel stenger og nellikspiker i ei appelsin som gir den rette jule duften.

Spent på kva du likte best? jul i gull eller kobber? Eller er du av den typen som liker best den tradisjonelle røde jula med vårt Norske flagg på treet? PS: Her kan du lese om korleis du kan vinne ei julestjernen i Eik frå Heilt Enkelt.

I morgon viser eg det ein meir natur pynta del av hagestua.

 

 

 

 

 

No Comments

Post a Comment