Deilig frokost ute i hagen | Moderne stil
3541
post-template-default,single,single-post,postid-3541,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Deilig frokost ute i hagen

I går laga eg til frokost ute i hagen til meg og eldste sønnen min. Han begynner på skolen denne veka og mandag var kún vår dag. Å starte dagen med ein god frokost er alfa og omega for at eg skal fungera, og det ser ut som det har gått i arv til mine 3 sønner også.

Eg tenkte eg ville dela ei nydeleg oppskrift på rundstykkene som du ser på bildet. Dei blei baka dagen før (søndag) og var vel så gode dagen etterpå.

Oppskrifta har eg satt min eigen fri på da det er egentlig meint for å lage nan brød med ein del av desse ingrediensene.

Deilige, saftige rundtykker med Yoghurt:

4dl lett melk
3ss sukker
1pk gjær
1 1/2ts salt
4ts bakepulver
8ss olivenolje
1 stort beger yoghurt naturell
1200g kveitemjøl ( her målte eg ikkje, men sånn ca 1-1200gram)

Framgangsmåte:

lunk melken til 37grader, tilsett sukker, og gjær. La blandingen stå i ca.10min

tilsett salt, bakepulver, olivenolje, yoghurt og kveitemjøl. Bruk godt med olje på hendene når du knør den saman.

Eg droppa heving og heiv dei på ei steikeplate og lot dei heve der i 1time. Pensle med mjølk og dryss over valmuefrø.

Steikeovn 225grader i ca 15min.

Eg og min familie er ganske kresen på ferskt brød så at desse smaker like saftig dagen etter på er eit stort pluss.

Håper oppskrifta faller i smak. Dei falt vettfall veldig godt i smak sjå venninnen mine som var på kvelds søndagskveld.

 

Bordet du ser i bakgrunn er mitt design og håndlaga av Modernebygg1 as. Bordet du ser i front er ei eldre ramme som fikk glass plata knust. Me hadde nokre reste plank etter å ha laga plattingen og eg fekk mannen min til å skjære dei til slik at dei passa til ramma. Alltid kjekt å nytte tinga ein har og ikkje minst skape noko unikt. Og om du lurar så er plattingen av Møre Royal oljekokt tre. Sitje benken har eg sydd putene til. Eg synest det er herlig å dra inn litt fargar i uteområdet som med desse blå putene.

SaveSave

No Comments

Post a Comment