Blanke ark | Moderne stil
4032
post-template-default,single,single-post,postid-4032,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Blanke ark

Nytt år, nye moglegheiter.

Når eg vakna i dag, 02.januar 2018 kjende eg for å få det lyst rundt meg med innslag av grønne friske blomar.

Mangen undervurderer soverommet. Det er ein plass ein bruker meste parten av tida på til å sove. Men eg er opptatt av at det er det siste rommet du er når du avslutter dagen og det fyrste du våkner til. Ynkje ikkje du da å vakne til ein harmonisk og fin plass som gir deg ein god start på dagen?

Eit soverom er personleg og skal innredast etter den du er. Blått på soverommet er nok mest brukt da det er ein sval og dempande farge som gir deg assosiasjoner til himmel og hav. Eg har personleg aldri vert glad i fargen blått, med unntak av kongeblå.

Eg har innreda med ein varm behagelig farge som er heilt matt, den heiter Muskattnøtt og er frå Jotun.

Og eg tenker at grønne planter høyrer ikkje bare til i stua og gangen. Grønne levande planter på soverommet hjelper mot inneklimaet og er eit fint blikkfang i rommet med sine skulpturelle grønne blader.

I år har eg store planer. Nokre kan eg avsløre mens andre får du vite mens eg er midt oppi det. Men eg gler meg veldig til å vise deg kva prosjekter eg har på gang.

Eg er sulten på å lære enda meir og eg skal difor i år studere til å bli interiørdesigner. Korleis tida skal strekke til aner eg ikkje, men vegen blir til mens ein går har eg høyrt. Eg har sommerfugler i magen og ikkje alle er like gode. I morgen kjem eg til å dele eit svært ærleg innlegg om nettopp dette.

 

PS: to nye oppdrag i dag også så da er januar fullbooket. Ynskje du veiledning eller boligstyling i februar/mars ta kontakt.

 

 

 

*  dei fine skulpturane er frå Kristina Dam og er kjøpt sjå ERJ interiør. 

4 Comments
  • Irene

    2. januar 2018 at 21:19 Svar

    Yaaj klart du ska studere videre har nesten venta på d, da må vi få tatt en kaffi nå som du sannsynligvis kommer til Stav ofte:) gleder mg t å følge m

    • Ann Helen Kvalevaag

      12. januar 2018 at 11:18 Svar

      Takk gode Irene:) bare så synd dei ikkje får til å ha det studiet i Stavanger. Hadde vert så mykje lettere å tatt båten over fjorden, og ikkje minst fått truffe deg. MEN me skal få det til. Har troa på at 2018 blir eit godt år. Ønsker deg ein god dag og fin helg

  • Lene Fjeldvær

    3. januar 2018 at 21:03 Svar

    Hei!
    Hva heter fargen du har på veggen bak senga? Den var så fin 🙂

    • Ann Helen Kvalevaag

      12. januar 2018 at 11:02 Svar

      Hei Lene. Den heiter muskattnøtt og er ein matt maling frå Jotun. Kjekt du også liker den.

Post a Comment