7 fine og gode sekunder | Moderne stil
3871
post-template-default,single,single-post,postid-3871,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

7 fine og gode sekunder

Som eg nevnte i mitt siste blogge innlegg så har du kun 7 sekunder til å skape eit godt fyrste inntrykk.

Eg har gjort nokre små endringar denne veka. Eg har valgt å style gangen etter den nye HayMat dørmatten frå Hardanger Glass Magasin som er i ein nydelig grønn farge. Eg har malt den smale veggen ved garderoben grønn, var tidligare deco blue.

Eg vil råde deg til å tenkje på kven du er.  Kva årstid likar du best, kva kler deg best, gull eller sølv?

Om du er usikker på om du skal innrede med varme eller kalde fargar kan din egen garderobe hjelpe deg på veg. Hos meg finn du mykje varme brune genserar og grønne plagg, veldig lite pudder fargar. Eg er ein typisk høst. Eg er stor tilhengar av varme farger. Og det er difor eg ikkje fant heilt roen med den super populære blå fargen Deco blue. For det er lett å la seg påvirke av trender og andres heim. Men du må vera tro mot deg og bruke det som passar deg og din stil. For all del så er det gøy å utforske med maling for det er så lett å male om att. Men ein får finn lettare den gode følelsen om ein bruker den fargepaletten som passar til DEG.

Eg har valgt å dra inn gull mot den nydelige smaragdgrønne fargen på veggen. Dei store lysestakene som heng på veggen kom inn denne veka hos Glass og Glede i Kopervik, og dei heiter Pov Circle frå Menu. The dots har eg hatt på veggen sidan me flytta inn for 5 år sidan og dei føler eg er litt oppbrukt i markedet så dei måtte vekk.

Ellers så har eg brukt Søstrene Grene sine pidestaller, som for øvrig har ein veldig god pris. Eg spray lakkerte dei i gull slik at dei skulle passe fint til Pov Circle i messing.

Sjølv om eg bur i ein funkis bolig har eg eit ynskje om at atmosfæren skal vera lun og varm. Eg har vertfall gjort mitt beste for at dei fyrste 7 sekundane skal gjera eit godt inntrykk.

 

Eg er spent på å om du liker forandringen?

 

 

 

 

 

 

No Comments

Post a Comment