Å spare til noko ein verkeleg ynskje seg | Moderne stil
4264
post-template-default,single,single-post,postid-4264,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Å spare til noko ein verkeleg ynskje seg

Reklame

Heilt sidan eg var liten har eg likt å spare til ting eg verkeleg ynskjer meg.  I over 10 år har me hatt ei rimelig skap frå Ikea, som opprinnelig var nokre kjøkken overskap som skjenk i stua. Etter nokre år gjorde eg ein enkel fornying med marmor folie på dekk sider og topp for å gjere skapet meir trendy.

Men skapet hadde i den siste tida sett sine bedre dager og eg visste akkurat kva skap som stod øverst på ønske lista, nemleg Norske Ygg og Lyng sitt skap som heiter Dis 168.

Eg synest det skapet passa så godt inn til dei sorte spisestolene og dei ellers sorte detaljene i stua. Herringbone, eller enkelt kalla Fiskebeins mønster er veldig trendy nå og det skaper liv til skapet med dette mønsteret. Gleda var stor når skapet endeleg kunne flytt inn sjå meg og eg synest stua endeleg fekk prikken over í med dette skapet.

Eg har nokre andre endringar i stua men det kjem fyrst i eit innlegg i midten av juni da det skal i Haugesunds Avis sin interiør magasin 16 Juni. Gler meg til å vise dykk dei små nye endringane som skjer i heimen. Forandring fryder og ofte er det ikkje så mykje som trengs endrast for at rommet får eit anna uttrykk.

 

Skulpturen er frå Kristiina Haataja.

 

 

 

Tags:
No Comments

Post a Comment