Hakkebakkeskogen selskap | Moderne stil
4083
post-template-default,single,single-post,postid-4083,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Hakkebakkeskogen selskap

Sist helg hadde me bursdagsfeiring får vår minste sønn, Aron, som blei 3år.

Han er for tida ekstremt opptatt av Hakkebakkeskogen. Og blei over av begeistring da han fekk like klær som Klatremus hadde, gitaren er ein skikkelig gitar som han har fått av sin morfar og mormor. Og den spiller han gledelig på og synger «so ro lillemann» til alle dei som vil høyre på han. Klærne og bamsene har eg kjøpt via dyreparken si heimeside. Han går utkledd kvar einaste dag enten som Mikkel rev eller Klartemus, og når han bader i badetkaret så må Brumlemann bade i ein stamp ved siden av han. Eg smelter heilt av vesle guten min som lever seg sånn inn. I tillegg synest han det er veldig kjekt å kle opp storebrødrene ( se bilde lengre nede) og når eg skulle bake ville han eg skulle vere Bakemester Harepus og eg kunne jo ikkje anna enn å adlyde:)

Eg har allereie fått ein del spørsmål angåande bursdagskaka. Den bestilte eg hos Kajagun som ho kaller seg på Instagram, ei dame frå Karmøy som lager dei kulaste og beste kakene, synest eg. Eg kjenner henne ikkje personleg men har følgt henne på IG, og har blitt veldig begeistra for kakene ho lager. Eg valgte sjokolade kake med sjokolade fyll. Den var nydelig på smak og holdt seg fersk og god i mangen dager.

Eg tenkte eg ville vise dykk korleis DU kan lage eit kakebord.

Som du ser på fyrste bilde er det slik kjøkkenet mitt ser ut til vanleg. Kjøkkenskapene kledde eg inn med eit stort laken eg hadde liggande, og satt ein utstoppa Rev ( som svigers skulle kvitte seg med) på siden. Eg har bygd opp fatene med nokre enkle små ildfaste former, funnet kongler i skogen som eg dekorerte rundt formene slik at dei blei skjult. Konglene har blitt nøye vaska og tørka i steike ovn ( bør gjerast når det skal vere mat rundt siden der finnes mykje små kryp i konglene). Dei store konglene kjøpte eg med meg heim frå Danmark nå i vinter. Ellers så har eg funnet fram litt julepynt i form av dei trærne. 3 tallet laget eg av mose funnet i skogen oppå berg, formet som 3 tall og surret stål rundt. Treet i betong fot er det eldstemann som laget i barnehagen i fjor. Eg liker å bruke det ein har i huset ( eller skogen) økonomisk og bra for miljøet. Tre fatene er nokre fat eg har hatt i nokre år, merket er HK living.

Eg og gutane laga Petter Pinnsvin av marsipan som me dyppet i melis og drysset over kake strø. uperfekte og søte, tenker det er viktig at ungane også får delta i baking og stelling til av selskap.

«Soppene» er bringebær og marsipan, som prikker har eg brukt kake strøssel.

Ellers har eg bakt kanel i svingene. PS. vil du ha kvit fin melis som ikkje renner? bruk eggekvite av 1 egg og visp inn melis. Da får du type konditor melis som holder seg fint på bollene. Over har eg hatt litt kake strøssel. NB: Kake strøsselet eg har brukt på alt er frå samme boks, Det er frå dr.Oetker og heiter choco dekor.

Muffins har eg også laga og bygd det opp i 3 etg. Eit kakebord ser alltid meir innbydande ut når ein bygger i ulike etasjer.

Plakaten er frå ein hakkebakke skogen forestilling me var på teateret før jul, eg har bare klippet den litt til.

 

Håper dette kan vere til inspirasjon og lurer du på nok legg igjen ein kommentar. Eg deler også gledelig oppskrift på det eg har laga om nokon ynskjer det.

  • Innlegget er ikkje sponset på noen som helst måte.

Trykk HER om du vil sjå korleis du kan lage dinosaur party, og HER for apestrek party. Om du har 1åring i hus kan du sjå HER.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

3 Comments
  • Linda johansen

    9. februar 2018 at 22:35 Svar

    Har du steg for steg på kaka??

  • Linda johansen

    9. februar 2018 at 22:36 Svar

    Hei. Har du steg for stegpå musekaka???

    • Ann Helen Kvalevaag

      19. februar 2018 at 09:03 Svar

      Kaken er bestilt av Kaia Gundersen. Sjekk ut kajagun på Instagram.

Post a Comment