Eit skeivt sjarmerande DIY juletre | Moderne stil
3944
post-template-default,single,single-post,postid-3944,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Eit skeivt sjarmerande DIY juletre

Denne veka har eg valgt å ha nokre enkle rimelege DIY julepynt som tema på bloggen. Allereie neste veke er me i November og eg merkar at folk plutselig begynn å stresse med å komme i mål til julaften. Difor kan det vera lurt å setta seg ned med ungane ( eller blir det for kaos, gjer det aleine) ei stund før slik at du får kost deg med å lage personleg julepynt framfor at det blir stress.

DIY juletre:

Eg er veldig glad i rå materialer og det ein finn i naturen og eg vil i dette innlegget vise deg korleis du enkelt kan lage deg eit skeivt sjarmerande juletre.

Begynn med å støype betong i ein isboks og stikk ned ei/to avskjært trestammer. La det stå over natta, gå i mens å finn lerk som du skal forme treet med. Eg prøvde fyrst med gran men sjølv med hanskar på stakk det for mykje. Lerk er mjukt å jobbe med og genialt om ungane vil bli med å bidra da det ikkje stikker. Klipp til greiner og begynn med dei lengste og største nederst og fest med ståltråd. Surr deg oppover og la det bli tynnere og tettare jo lengre opp du kjem. Når du har ståltråd kan du enkelt forme treet slik du vil. Eg valgte å lage det litt skeivt. Dette treet kan du gjerne ha ståande ute ved inngangspartiet ditt. Ein fin varm velkomst med ditt unike heimelaga tre og tente lykter.

DIY kranser:

I stadenfor å kjøpe ein halv vissen rose bukett på dagligvaren kan du heller lage ein personleg krans å gi vekk. Eg har her brukt Finer remser frå Panduro ( det er 5stk i pakken) eg klipte til 3 ulike størrelsar og limte dei saman med limpistol. Her kan du pynte med det du finn i naturen og det du har heime. Eg har brukt eukalyptus, trekuler i gull, kongler og lerk. Dette har eg festa med å surre ståltråd rundt. Du kan også bruke dei som dekorasjon på veggen slik eg har gjort i hagestua.

 

Vil du sjå korleis du lagar fine personlege julegaver? titt innom bloggen min i morgon.

 

 

 

 

 

No Comments

Post a Comment