Ein kjensle av å vera på eit hotell soverom | Moderne stil
3817
post-template-default,single,single-post,postid-3817,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Ein kjensle av å vera på eit hotell soverom

Til jul har me budd 5år i huset og eg visst allereie da at eg ville skape eit soverom som var lunt og med litt klasse over. Eg er ein slik person som elsker å sove på hotell, (skjer veldig sjeldent, kanskje difor eg nyt det så pass mykje når det fyrst skjer). Eg henter mykje inspirasjon nettopp frå hoteller, og når eg fyrst skal ut å reise ligg eg gjerne på design hotell.

På soverommet har me brukt heil dekkande tepper ( noko som var veldig lite brukt for 5år sidan) det er i ull og har ein fantastisk kvalitet. Det seies at det er meir astma og allergi venleg da støvet ikkje sirkulerer i lufta men legg seg på gulvet i stadenfor. Eg fikk også min flinke handymann til å bygge inn tv og ein liten bio peis ( ikkje at verken tv eller peisen er så mykje anvendt, lite tid til slikt når ein har 3 små gutter) men det er litt sånn hotell rom øve det med dei i rommet.

Til vanleg ser ikkje soverommet så delikat ut, med klær på gulvet etter ein altfor sein kveld med jobb på pc, mobil laderar på gulvet, øyrepluggar på nattbordet og langt i frå nystrøkne seng klær. Men i dag fekk eg lov å velge fritt frå interiør butikkane på Amanda storsenter der eg sko få lov å vise nokre favoritter.

For meg er det stor luksus å legge seg i nytt reint sengetøy, og det fine behagelige sateng senge tøyet frå Princess i lag med sengeteppe og pynteputer blei med meg heim. Og der skal det bli for fargen matchet 100% med veggfargen som forøvrig er Muskatnøtt og tapeten på veggen bak «sengegavlen» er ein kråkesølv tapet frå Omexco.

Sengesettet inneheld bambusvikose som gir ein kjensle med blanding av den finaste silke og den mjukaste bomull. Bambusvikose absoberer fuktighet godt, og har ein utprega evne til å puste, og det beste a valt er at bambus er ein rask fornybar ressurs, visste du at bambus vokser veldig fort? opptil 90cm kvar einaste dag.

Eit anna funfact er at om du sliter med å sove ( eg er ein tenkar så eg ligg ofte å tenker på alt eg ikkje rakk å bli ferdig med) hjelper det å telje frå 100 og ned. 100, 99, 98, 97. Fokuser kun på tellinga og du vil mest sannsynlig sovne raskere enn om du ligg å grubler.

Eg er veldig glad i krim og er nå på slutten av boka Tørst frå Jo Nesbø og da er det fint å ha ei nattbordslampe som du kan justere høgden på og som gir deg det perfekte leselyset, den dekorative lampen er frå Kremmerhuset.

For dei som har fulgt meg ei stund veit at eg er glad i grønne planter. Corokia og eucalyptus gir nydelig duft i rommet og er dekorative i seg sjølv, så litt grønt klarte eg å dra inn på soverommet også.

Hos meg er det ikkje breakfast in bed men rett og slett champagne på senga i lag med søte gode makroner. Eg er veldig glad i levande lys og det gjør alltid noko med stemningen i rommet når ein har stearinlys tent.

Håper du liker måten eg har stylet soverommet mitt på.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sateng sengesett, bambus, svale, Princess
Formsydd laken i sateng, soft, Princess
Pynteputer, Princess
Sengeteppe, Princess
Sjøgrønn velour pute, Nille
Corokia plante, Mestergrønn
Eucalyptus, Mestergrønn
Lampe, Kremmerhuset
Hode figur, Kremmerhuset
«Betong» fat, Kremmerhuset
Makroner, Amundsen Spesial

 

SaveSave

No Comments

Post a Comment