Lunt og behageleg på sjøhuset: | Moderne stil
sjøhuset har blitt oppgradert
luksus, betong, behageleg, lunt.
3511
post-template-default,single,single-post,postid-3511,single-format-standard,ajax_fade,page_not_loaded,,select-theme-ver-3.7,paspartu_enabled,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-5.1.1,vc_responsive

Lunt og behageleg på sjøhuset:

Eg har hatt ein liten oppgradering på sjøhuset nå i sommer. Det vil sei at eg har gjort nokre små endringar for å få uttrykket til å bli litt mjukare. På sjøhuset er det grått, kvitt og betong som regjerer, eg har dratt  inn litt tekstiler og planter for å oppnå ein lun og behageleg stemning. Eg har fått inn eit nytt teppe som eg er overbegeistra for, det er frå Kilands.no

Eg fekk fritt velgje eit teppe, og bestemte meg for eit grått teppe som heiter Angel. Det er eit håndvevd teppe med lugg. Det er i viskose og er like godt å gå på som det ser ut som på bildet. Teppet er einfarga grått men viskosen gjør at det er glans og fint fargespill i det. Eg har det i storleiken 170×240. Det er så nydelig at eg kunne tenkt meg eit til huset også.

Eg har også valgt å ta inn messing i lag med alle dei kalde fargane. Eg sjølv er mest glad i varme farger og gull. Og med den nye lampa ( som forøvrig har ligget i eska i 6mnd) skal nå opp og den er det messing detaljer på. Du får sjå bilder her på bloggen av den og den «nye» spiseplassen i løpet av dei kommande dagane.

Har også ein anna nyheit som eg vil dele med dykk i neste bloggeinnlegg. Kanskje det kan være noko spanande akkurat for deg?

 

Føler meg også ganske heldig som vant den nydelige design stolen hos Norwegian Design House. Den er frå Sandur og eg valgte den i fargen taupe/anthracite. Kan brukast både inne og ute da den er i pulverlakkert rustfritt stål og båttau. Den er fletta for hånd. EG synest den er veldig god og sitte i tillegg til at den har eit trendy design.

Betong bordene du ser på bildet er mitt eget design og håndlaga av dyktige ModerneBygg1 as. Dei finner du meir informasjon om på heimesida mi, modernestil.no

 

Nå skal eg jobbe litt med nokre moodboards til ein kunde før eg skal videre på ein styling, og så får du eit nytt innlegg i slutten av denne veka.  Ønsker deg ein fin dag.

*Innlegget er sponsa

2 Comments
  • Line hope

    10. august 2017 at 21:28 Svar

    Så utrolig lekkert:) . Lurte på hvor du har kjøpt putetrekkene 🙂 . Nydelige farge sammensetninger 😊

    • Ann Helen Kvalevaag

      10. august 2017 at 22:19 Svar

      Hei Line:) så utruleg kjekt å høyra at det falt i smak sjå deg. Putetrekkene er faktisk kjøpt på Ikea. Ønsker deg ein fin fin torsdagskveld.

Post a Comment